- Målet må vere at det oppsamla underskotet i spesialisthelsetenesta skal vere med på det statlege flyttelasset ved årsskiftet, sa fylkesordførar Gisle Handeland i talen sin då han opna fylkestinget på Bergen Kongressenter. Han skal ha eit møte med Hordal

- Dersom Stortingets behandling av statsbudsjettet ikkje lettar fylkeskommunens gjeldsbyrde ytterlegare, vil Hordaland fylkeskommune dei kommande åra måtte bruke ca. 70 mill. kr årleg – godt over 2 prosent av inntektene – til å dekke oppsamla underskot. Desse midlane kunne vi godt ha trong for til drift og investeringar.
Vi har gjentatte gangar tatt desse økonomiske problema opp med dei sentrale styresmaktene, og peka på det heilt uakseptable, ja – absurde, i at fylkeskommunen blir sitjande att med underskotsgjelda når staten overtar spesialisthelsetenesta.
Vi har utført oppgåva staten og samfunnet har pålagt oss og etter beste evne gitt befolkninga det helsetilbodet dei har krav på. Det har påført oss svære underskot. Eg vil aldri akseptere at staten deretter kan trekke stigen opp og i praksis velte underskota over på mellom anna skuleelevar og kollektivtrafikantar. Eg har prøvd å vere tydelig på dette overfor den sitjande regjeringa, og vil følgje det opp i forhold til den neste om nødvendig.
Ikkje minst har vi ein jobb å gjere i forhold til Stortinget. Målet må vere at det oppsamla underskotet i spesialisthelsetenesta skal vere med på det statlege flyttelasset ved årsskiftet.
Eg har bede om eit møte med Hordalandsbenken i Stortinget for å presentere vår situasjon, sa Handeland.
Les heile talen til fylkesordførar Gisle Handeland under opninga av fylkestinget på Bergen Kongressenter
Bjarte Brask Eriksen