Komité for kultur og helse i Hordaland rår fylkesutvalet til å vedta at Prosjekt eldrepedagogikk og Eldreveven vert vidareført i ein treårsperiode.
Eldreveven vart starta opp av Kulturnett Hordaland i februar 1999 som ein nettstad for eldre i Hordaland
(http://hordaland.kulturnett.no/tema/eldreveven)
Ein viktig del av Eldreveven er publisering av tekstar og erfaringar frå gjennomføringa av kreative skrivekurs som Prosjekt Eldrepedagogikk har gjennomført for eldre i bibliotek og på institusjonar i Bergen, på Askøy og på Osterøy. Biletet er frå det første skrivekurset.
Eldreveven og Prosjekt Eldrepedagogikk har vore finansiert som eit samarbeid mellom Kulturnett Hordaland og Hordaland fylkesbibliotek.
Prosjekt Eldrepedagogikk og Eldreveven er frå 01.01.02 ferdig som prosjekt innan rammene av bibliotekplanen. I saka går det fram at prosjektet vil opphøyre å eksistere om det ikkje vert sikra overgang til anna driftsform.
Innstillinga frå fylkesrådmannen gjekk ut på å ta prosjektrapporten til orientering og avslutte prosjektet frå 1. januar 2002.
I komitéen vart eit fellesforslag frå P, KRF, SP, V, SV, RV og A vedteke som innstilling til fylkesutvalet. I innstillinga heiter det at Prosjekt eldrepedagogikk og Eldreveven er eit pionerprosjekt som må vidareførast og utvidast til å bli nytta i alle kommunar. Vidare tilrår komitéen følgjande:
1. Eldreveven vert etablert som eit fast prosjekt over 3 år frå 01.01.02 som del av ei vidareføring av tiltaket Eldrepedagogikk.
2. Den midlertidige stillinga som redaktør og koordinator, som har vore lagt til Fylkesbiblioteket, vert omgjort til fast stilling for prosjektet med tilsvarande oppgåver som før.
3. Løyvingar, inntekter og tilskot til Eldreveven/Eldrepedagogikk vert samla i ein ny budsjettpost.
4. Det må takast kontakt med kommunane for å vidareutvikla prosjektet, også når det gjeld finansiering.
Innstillinga vart samrøystes vedteken, bortsett frå punkt 2, som vart vedteke mot 2 røyster (Uavh.)
Saka skal opp i fylkesutvalet i møte den 21.-22. november.

Eli Lothe