Vil ha snøggbåtrute Rosendal-Bergen frå 1. mai 2002

Komite for miljø og samferdsel i Hordaland vil opprette snøggbåtrute mellom Rosendal, Flesland og Bergen frå 1. mai neste år. Ruta må etablerast innafor den budsjetterte tilskotsramma for 2002.

Komiteen vil sende ruteframlegget på høyring til involverte kommunar før saka kjem tilbake for endeleg avgjerd.
Fylkesrådmannen skal vurdere kvar båten skal stoppe mellom Bergen og Rosendal, samt utarbeide forslag til konkrete erstatningsopplegg i ytre Kvinnherad og indre Sunnhordland.
Innafor nogjeldande budsjettramme er det neppe mogeleg å oppretthalde noverande rute mellom Sunnhordland og Os i tillegg til ny rute mellom Rosendal og Bergen. Delar av ruteområdet kan difor få ulemper dersom rutene blir lagde om.

26 knop
HSD Sjø har laga skisse til ruteopplegg. Med ein båt som gjer 26 knop, vil det ta ein time og 45 minutt mellom Rosendal og Flesland, og ein halv time lenger til Bergen. Planen er å ha to turar kvar veg måndag til fredag, og ein tur kvar veg laurdag og søndag.

Saka går vidare til fylkesutvalet 21. og 22. november.

Bjarte Brask Eriksen

14.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart