Vidarefører «Eldreveven»

Prosjekt eldrepedagogikk og «Eldreveven» er eit pionerprosjekt som må førast vidare og utviklast il å verta nytt i alle kommunar, meiner Hordaland fylkesutval. Fylkesutvalet har vedteke at «Eldreveven» skal vidareførast dei komande tre åra som ein del a

Fylkesutvalet føreset at prosjektet vert finansiert innan ramma for kulturbudsjettet. Eldreveven vart starta av Kulturnett Hordaland i februar 1999 som ein nettstad for eldre i Hordaland (http://hordaland.kulturnett.no/tema/eldreveven). Ein viktig del av Eldreveven er publisering av tekstar og erfaringar frå gjennomføringa av kreative skrivekurs som Prosjekt Eldrepedagogikk har gjennomført for eldre i bibliotek og på institusjonar i Bergen, på Askøy og på Osterøy. Eldreveven og Prosjekt Eldrepedagogikk har vore finansiert som eit samarbeid mellom Kulturnett Hordaland og Hordaland fylkesbibliotek.

Det må takast kontakt med kommunane for å vidareutvikla prosjektet, også når det gjeld finansiering, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak.

Stanley Hauge

27.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart