Torill Selsvold Nyborg kst. fylkesvaraordførar

Hordaland fylkesutval har konstituert Torill Selsvold Nyborg (Krf) (t.v. på biletet) til fylkesvaraordførar frå 1. november 2001. Konstitueringa skjer på bakgrunn av at fylkesvaraordførar Helen Nordeide Fløisand skal verta byråd i Bergen frå same tidspunk

Helen Nordeide Fløisand (Krf) har søkt permisjon frå dei fylkeskommunale verva sine i den perioden ho er byråd i Bergen. Denne søknaden er det fylkestinget som avgjer, noko som vil skje på tingsamlinga 11.-13. desember. Det er også fylkestinget som skal velja fylkesvaraordførar for den perioden Nordeide Fløisand har permisjon, og det vil skje på same tingsamlinga.

Stanley Hauge

01.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart