Stortinget og regjeringa må setja idretts- og friluftspolitikk høgt på dagsorden

Idrettskonferansen for Hordaland, som vart skipa til 16.-17. november, vedtok å senda ei fråsegn til Stortinget og regjeringa. I fråsegna vert dei sentrale styresmaktene oppfordra til å setja idretts- og friluftspolitikk høgt på dagsorden.

Fråsegna lyder:
”Til Stortinget/Regjeringa
Fylkeskonferansen i Hordaland 2001 – idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vil utfordre Regjeringa og Stortinget til å setje sentrale idretts- og friluftspolitiske emne høgt på den politiske dagsorden. Vi treng ein nasjonal debatt om kva rolle idretten skal ha som ein integrert del av samfunnet. I ein slik debatt må fokus flyttast frå idrett som internasjonal mediestyrt verksemd til idrett og friluftsliv som lokale aktivitetar, - integrert i nærmiljøet.

Fylkeskonferansen i Hordaland 2001 utfordrar styresmaktene til å klårgjere aktuelle idrettspolitiske mål og verkemidlar i eit breitt samfunnsperspektiv. Korleis kan samfunnet flytte ressursar frå reparasjon til førebygging? Korleis kan vi gjennom idrettspolitiske verkemidlar demme opp for auka helse- og sosialutgifter?

Dei spørsmål som er stilte her, er direkte og indirekte handsama i ei rekkje offentlege utgreiingar og meldingar. Utfordringa i forlenginga av dette, er å samle dei mange fragmenta i ein heilskapleg politikk og utforme politikken i eit konkret handlingsprogram.

Hordaland fylkeskommune
Oddvar Jensen (s)
Leiar i Komité for kultur og helse

Hordaland Idrettskrets
Hans O. Aaserud (s)
leiar”

Stanley Hauge

21.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart