Hordaland fylkesutval rår til å opprette Etne vidaregåande skule frå 1.1.02. I innstillinga til fylkestinget, som avgjer saka på tinget 11.-12. desember, heiter det og at filialstyrar ved Etne vert rektor ved den nye skulen.
Tilrådinga er gjort med 10 mot 5 røyster (H, Frp, uavh.). Eit forslag frå Jan Koløy om at klassane i Etne skal administrerast frå den næraste vidaregåande skule, og at ein må vurdera å kjøpa elevplassar i Rogaland, fekk to røyster (Frp og uavh.).
Frå 1.8. 98 vart Etne vidaregåande skule og Ølen vidaregåande skule slegne saman til ein skule. Grunngjevinga for samanslåinga var at det skuleåret 1997/98 berre var ein klasse igjen ved skulen i Etne. Undervisninga i faga Arbeidsmaskiner VKI og Køyrety VKI har halde fram i Etne som tidlegare.
Frå 1.1. 02 går Ølen kommune over til Rogaland fylkeskommune. Ein skule i Rogaland kan vanskeleg ha ein filial i Hordaland, og dermed står valet mellom å leggje ned filialen i Etne eller opprette skulen igjen som ei sjølvstendig eining.
Dette skuleåret er det ein klasse køyrety VKI ved skulen i Etne. Frå hausten 2002 har fylkesutvalet vedteke å oppretta ein klasse i VKI anleggsmaskiner og ein klasse grunnkurs i sal- og service.
Stanley Hauge