Nei til bompengar på ferje Bergen-Stavanger

Med ni mot seks røyster tilrår komite for miljø og samferdsel i Hordaland å seie nei til bompengar på den planlagde ferja Bergen-Haugesund-Stavanger. Samferdselsdepartementet har gjeve reiarlaget G. C. Brøvig & Partners AS løyve til å drive denne ferja, m

Klagene kjem frå selskap som driv inn bompengar langs E39 mellom Bergen og Stavanger. Dei vil ha konkurranse på like vilkår. Fylkesrådmannen hadde tilrådd bompengar. I møtet fremja Ottar Tangen (FrP) forslaget som vart vedteke.
Reiarlaget har bedt om ei frist på 18 månader til å setje i gang ruta etter at endeleg løyve er gjeve. Fylkesrådmannen tilrådde at eitt år skulle vere nok. Dette vart vedteke med 12 mot 3 røyster. Mindretalet røysta på eit forslag frå Ottar Tangen om at reiarlaget skulle få den tid som var nødvendig for å setje ferja i drift.

Saka går vidare til fylkesutvalet 21. og 22. november. Endeleg vedtak blir gjort av Samferdselsdepartementet.

Bjarte Brask Eriksen

14.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart