Krev lik behandling av «Harmonien»

Hordaland fylkeskommune kan ikkje godta at Bergen Filharmoniske Orkester («Harmonien») vert halden utanfor den framtidige veksten i stillingar som norske symfoniorkester skal nyta godt av.

Statusen til BFO som eit av Noregs to nasjonalorkester, må også gje seg utslag i konkrete løyvingar slik at orkesteret får nok handlingsrom og storleik på linje med vanleg internasjonal standard (104 musikarar), heiter det i Hordaland fylkesutval si fråsegn til høyringa av Kulturdepartementet si utgreiing om det profesjonelle orkesterfeltet i Noreg. I utgreiinga kjem det fram at Bergen Filharmoniske Orkester ikkje vert prioritert. Hordaland fylkeskommune kan ikkje akseptera dette. Hordaland fylkeskommune meiner at Bergen Filharmoniske Orkester og Oslo Filharmoniske Orkester skal vera våre to likeverdige nasjonale representasjonsorkester. Det finst ikkje saklege argument for at BOF ikkje skal nå ein slik posisjon i løpet av dei komande åra, heiter det i Hordaland fylkesutval sitt vedtak.

I utgreiinga vert det m.a. føreslege at det skal opprettast ein pott som orkestra kan søkja midlar frå til nasjonale og internasjonale turnear. Hordaland fylkesutval rår til at det vert lagt inn faste midlar til orkestra til turnéverksemd, og at denne vert administrert og koordinert av orkesteret sjølv.

Stanley Hauge

25.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart