
Kartet på biletet viser eit utsnitt av Bergen sentrum. Sjå utsnittet i stort format
Kva kartet inneheld
Kartet omfattar eit fylkeskart og eit kart over Bergensområdet som begge viser kvar det går ruter. Kartet utfyller rutetelefonen (177), selskapa sine rutehefte og ein ny rutedatabase på internett (www.rutetelefonen.no) som vart lansert på kollektivtrafikkens dag tidlegare i haust. Partane som står bak kartet, meiner betre informasjon er ein føresetnad for at folk skal finna kollektivtilbodet attraktivt.
På kartet kan publikum sjå kvar dei skal byta frå det eine transportmiddelet til det andre. Det er laga eit utsnitt av Bergen sentrum som har fokus på kva haldeplassar og terminalar folk må gå på for å koma dit dei vil. Terminalar for båt, tog, buss og taxihaldeplassar i Bergensområdet er også viste. For kvar terminal er det vist kva ruter som trafikkerer der. Kartet markerer turistattraksjonar. På Bergenskartet har ein og funne plass til badeplassar og viktige reisemål som Haukeland sykehus og idrettsanlegg.
Fylkeskartet får fram kollektivtraseane i heile fylket. Traseane som har ruter ofte, er markerte med tjukk strek, mens dei som ikkje har ruter så ofte, er markerte med tynnare strek. Kartet viser også kva selskap som trafikkerer kor – og du får eit bilde av t.d. kvar båtreisa sluttar og bussen tek over eller kvar bussen har endehaldeplass og taxi kan ta over.
Partar i samarbeidet
Hordaland fylkeskommune har vore prosjektleiar for kartet som er utarbeidd i samarbeid med Hordaland Kollektivservice, Gaia Trafikk, BNR, HSD Buss, HSD Sjø, Norgestaxi, Bergen Taxi og NSB Bergen.
Det som gjer dette kartet unikt, er at mange ulike partar som delvis er i konkurranse, har klart å samarbeida for å tena kundane sine. Sjølv om kollektivtilbodet ikkje har eit svar på alle transportbehov, kan mange få løyst sine reisebehov ved å ta i bruk dei ulike kollektive transportmidla.
Stanley Hauge