Hordaland vil ha «Kysthelseutval»

Hordaland fylkesutval slutta samrøystes opp om eit forslag frå Trude Drevland (Høgre, biletet) om at Hordaland skal ta initiativet til å etablera eit kontaktutval mellom Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland for å vidareføra det gode samarbeidet om hels

Drevland tok opp saka i fylkesutvalet sitt møte 1. november. Ho viste til at samarbeidet som har vore gjennom Helseregion vest, fell vekk når staten overtek spesialisthelsetenesta frå 1. januar 2002. Drevland meinte at det også i framtida vil vera behov for dei tre fylka å samordna seg i helsespørsmål. På den bakgrunn sette ho fram forslag om eit kontaktutval.

Hordaland fylkeskommune vil no ta kontakt med dei to andre fylkeskommunane for å få deira syn på saka.

Stanley Hauge

02.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart