Hordaland fylkesutval vil opprette snøggbåtrute mellom Rosendal, Flesland og Bergen frå 1. mai neste år. Ruta må etablerast innafor den budsjetterte tilskotsramma for 2002, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak.
Fylkesutvalet vil sende ruteframlegget på høyring til involverte kommunar før saka kjem tilbake for endeleg avgjerd, og fylkesutvalet vil leggja stor vekt på dei innkomne høyringsfårsegnene.
Fylkesrådmannen skal vurdere kvar båten skal stoppa mellom Bergen og Rosendal, og utarbeide forslag til konkrete erstatningsopplegg i ytre Kvinnherad og indre Sunnhordland.
Etter forslag frå Jan Koløy (Frp) vedtok fylkesutvalet at det i utgreiinga frå fylkesrådmannen også skal vurderast å vidareføra snøggbåtruta mellom Herøysund/ytre luten av Kvinnherad mot Os.
I saksutgreiinga heiter det at innafor nogjeldande budsjettramme er det neppe mogeleg å oppretthalde noverande rute mellom Sunnhordland og Os i tillegg til ny rute mellom Rosendal og Bergen. Delar av ruteområdet kan difor få ulemper dersom rutene blir lagde om.
HSD Sjø har laga skisse til ruteopplegg. Med ein båt som gjer 26 knop, vil det ta ein time og 45 minutt mellom Rosendal og Flesland, og ein halv time lenger til Bergen. Planen er å ha to turar kvar veg måndag til fredag, og ein tur kvar veg laurdag og søndag.

Stanley Hauge