Den årlege fylkesidrettskonferansen i Hordaland går av stabelen fredag 16. og laurdag 17. november på Bergen Airport Hotel. Arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv står i fokus på konferansen som Hordaland fylkeskommune og Hordaland Idrettskr

Konferansen blir ein møtestad for formidling og utveksling av erfaringar og kunnskap innan feltet. Den skal og vere ein inspirasjon til auka engasjement i arbeidet med tilrettelegging av idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Målgruppa for konferansen er aktørar som arbeider med eller som har eit ansvar innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Hordaland.
Tidspunkt
Konferansen er frå klokka 13.00 til 18.00 fredag 16. november og laurdag 17. november frå klokka 09.00 til 13.45.
Nærmare informasjon om konferansen
Påmeldingsskjema (pdf-format)
Programmet for fylkesidrettskonferansen (pdf-skjema)
Bjarte Brask Eriksen