Fylkesbudsjett 2002 på årets nivå

Fleirtalet i Hordaland fylkesutval går inn for eit fylkesbudsjett for 2002 i tråd med utkastet frå fylkesrådmannen. Fylkesutvalet legg til grunn at kontroll med underskotssitusjonen er avgjerande for eit godt og framtidsretta tenestetilbod, heiter det i b

Fellesforslag
I fellesforslaget frå dei nemnde partia, heiter det: «Fylkesutvalet vil mellom anna i lys av den vidare statsbudsjettprosessen og relevante avklaringar der vurdera styrking av: tilrettelagt opplæring, kollektivtransporten og barnevernet — fram mot endeleg budsjettbehandling i fylkestinget.»
Fylkestinget skal handsama budsjettet på tinget 11.-12. desember.
Fylkesbudsjettet for 2002 får etter fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag samla sett nullvekst i høve til driftsnivået i år. Hovudponenget i fylkesrådmannen sitt opplegg er nettopp å få samsvar mellom budsjett og drift, og å unngå nye underskot.
Ein del budsjettpostar er styrkte for å få eit mest mogleg reelt budsjett i høve til den faktiske aktiviteten og kostnadene. Det gjeld m.a. barnevernet som er styrkt med 75 mill. kr i høve til årets budsjett. I samband med at fylkeskommunen må dekka det oppsamla underskotet for helsetenestene som staten skal overta frå nyttår, vert storparten av underskota i perioden 1999-2001 dekka med langsikte lån over 15 år. For 2002 vil dette føra til at fylkeskommunen må nytta 70 mill. kr renter og avdrag på denne lånegjelda.

Høgre, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Sigrun Sangolt Natås (uavh.) fremja eigne forslag til fylkesbudsjett 2001. Desse forslaga fekk dei respektive partia sine røyster.

Høgre
Tom-Christer Nilsen (H) føreslo endingar i driftsbudsjettet på ca. 25 mill. kr. Høgre føreslår påplussingar til undervisning med 8 mill. kr, til samferdel med 16 mill. kr og til kultur med 1,24 mill. kr.
Innan samferdel vil Høgre nytta 2 mill. kr meir til fylkesvegvedlikehald, 1 mill. kr meir til transportordning for tunge brukarar og 1 mill. kr til servicelinjer. Høgre vil nytta 11,5 mill. kr til belønningssystem for rutelag som aukar passasjertalet. Motposten her er at partiet også budsjetterer med 10 mill kr i inndraging av midlar grunna brot på kvalitetskontraktar. Innan opplæring vil Høgre spara 1 mill. kr ved ikkje å oppretta Etne vidaregåande skule.
Høgre føreslår å spara 2,5 mill. kr ved vakansar i administrasjonen og tilsvarande sum ved effektivisering av innkjøp. Like eins vil Høgre spara 1,6 mill. kr ved konkurranseutstjing av oppgåver under regional utvikling.
Innan kultur føreslår Høgre å leggja ned bokbåen, kutta 1,8 mill. kr i løyvinga til Kulturlandskapssenteret og ei rekkje andre postar med i alt ca. 900 000 kr. Løyvinga til biblioteket føreslår Høgre auka med 700 000 kr til IT/nye medier.

Høgre førslår å selja ei rekkje fylkeskommunale eigedomar som Valen vaskeri, Valen kraftverk og utlegiebustader ved Haukeland sykehus, og budsjetteterer med 70 mill. kr i inntekter frå dette. Partiet vil i 2002 nytta 20 mill. kr meir til ekstraordinært vedlikehald og opprusting av skular (nemner serskilt Bergen Handelsgymnasium) og 10 mill. kr meir til opprusting av fylkesvegane.
Høgre sitt forslag fekk tre røyster (H).

Uavhengige
Sigrun Sangolt Natås (uavh.) fremja forslag til endringar på vel 90 mill. kr (3 %) i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Ho foreslo m.a. at Hordaland skal melda seg ut av Kommunenes sentralforbund og selja ei rekkje fylkeskommunale eigedomar.
Pensjonsteneste føreslo ho å konkurranseutsetja. Løyvinga til politisk verksemd vil ho redusera med vel 2 mill. kr, eller ca. 10 %. Ho vil ha ein gjennomgang av administrasjonen for kultur, regional utvikling og opplæring med mål å effektivisera og redusera byråkratiet i etatane. Innkjøpseffektivisering vil ho også ha gjennomført.

Sangolt Natås vil auka løyvinga til barnevern og rusvern med i alt 16 mill. kr. Innan kultur vil ho kutta i ei rekkje postar, m.a. leggja ned bokbåten, kutta løyving til Lyngheisenteret og Nye Carte Blanche og ei rekkje andre institusjonar. Kulturkutta vert etter forslaget på i alt ca. 17 mill. kr. Forslaget omfatta også kutt i næringstilskot og omprioriteringar innan opplæring.
Forslaget fekk ei røyst (S. S. Natås).

SV sitt forslag
Bjørn Lothe (SV) fremja forsla om pålussingar på i alt 57 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. SV vil auka løyvinga til opplæring med 24 mill. kr, plussa på 1 mill. kr til miljøtiltak, auka samferdselsbudsjettet med 19,4 mill. kr, til kultur med 1,4 mill. kr og til helse med 4,6 mill. kr. Til ekstra nedbetaling av lån vil SV nytta ca. 7 mill. kr.
Forslaget til SV legg m.a. opp til takstfrys for reiser med buss og båt. Som nytt tiltak innan kultur føreslår SV innføring av kulturkort.
For å dekka dei auka kostnadene vil SV auka skatteinntektene med 15 mill. kr, bruka 35 mill. kr frå Hardangerbrufondet og kutta vel 7 mill. kr i diverse utgifter. M.a. vil SV kutta løyving til Hordaland olje og gassenter, kutta 1,9 mill. kr i løyvinga til næringsføremål, kutta 1,7 mill. kr i løyvinga til politisk verksemd og 2 mill. kr i fylkesadministrasjonen i samband med statleg overtaking av spesialisthelsetenesta.
Forslaget fekk 1 røyst (SV).

Fremskrittspartiet
Jan Koløy (Frp) føreslo endringar på ca. 46 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Frp vil auka løyvinga til barnevern med 7 mill. kr og til rusvern med 7 mill. kr. Opplæring vil Frp styrka med 8 mill. kr, vedlikehaldet av fylkesvegar vert føreslegne auka med 10 mill. kr og løyvinga til trafikksikringstiltak vert auka med 5 mill. kr.
Frp vil kutta kulturbudjettet med 14 mill. kr og næringsføremål med 3 mill. kr. Frp vil kutta ut elevinspektørstillingane (innsparing 6 mill. kr) og redusera skuleadministrasjonen med 6,5 mill. kr og leggja ned Manger folkehøgskule. Vidare vil Frp redusera budsjettet til fylkesadministrasjonen med 14 mill. kr.
Forslaget fekk 1 røyst (Frp).

Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet

Stanley Hauge

22.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart