Fryktar fragmentert statleg regionalisering

All omorganisering av statleg verksemd som inneber endringar på region- og fylkesnivå må skje i samråd med fylkeskommunane. Fylkeskommunane må få høve til å uttala seg tidleg i prosessen slik at omsynet til innbyggjarane vert ivareteke, meiner Hordaland f

Fylkesutvalet handsama 1. november 2001 sak om statleg regionalisering, omorganisering og fornying. Hordaland fylkeskommune har teke opp saka fordi ein ønskjer å setja søkjelyset på den pågåande omorganiseringa av statlege etatar. Fylkeskommunen ser m.a. ein fare for at den statlege regionaliseringa vert fragmentert og at den skjer «over hovudet» på fylkeskommunane.

Dersom kvar statleg etat deler inn landet på ulike måtar ut frå sine eigne kriterium utan å ta omsyn til diskusjonen om fylkeskommunen si rolle og eventuelle nye fylkeskommunale regionar, vil dette gjera fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør vanskeleg. Samstundes vil det styrkja den sentrale, statlege styringa, heiter det i saksutgreiinga.

Hordaland fylkesutval seier i vedtaket sitt at statleg verksemd på region- og fylkesnivå må organiserast slik at det vert lagt til rette for samarbeid med fylkeskommunane og andre regionale aktørar.
All omorganisering av statleg verksemd bør innebera utlokalisering av verksemd frå Oslo, og m.a. til Hordaland, meiner fylkesutvalet.
Fylkesutvalet viser til tidlegare vedtak om at fleire tunge samfunnsoppgover bør leggjast under regional folkevald styring, og ber om at prosessane for omorgansiering og fornying av offentleg verksemd vert vurderte i lys av dette. Dette punktet vart vedteke mot fem røyster (H, Frp, uavh.). Dei andre punkta vart vedtekne samrøystes.

Stanley Hauge

05.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart