Bergen Filharmoniske Orkester må prioriterast

Kulturdepartementet har fått laga ei utgreiing av det profesjonelle orkesterfeltet i Noreg. I tilrådinga kjem det fram at Bergen Filharmoniske Orkester ikkje vert prioritert. Hordaland fylkeskommune kan ikkje akseptera dette.

Komité for kultur og helse rår fylkesutvalet til å vedta at det blir sendt ein uttale der det m.a. går fram at Hordaland fylkeskommune meiner at Bergen Filharmoniske Orkester og Oslo Filharmoniske Orkester skal vera våre to likeverdige nasjonale representasjonsorkester.

I innstillinga heiter det at Hordaland fylkeskommune ikkje kan godta at Bergen Filharmoniske Orkester vert halde utanfor den framtidige veksten i stillingar som norske symfoniorkester skal nyta godt av. Hordaland fylkeskommune vil rå til at det vert lagt inn faste midlar til orkestra til turnéverksemd, og at denne vert administrert og koordinert av orkesteret sjølv.

Saka skal opp i fylkesutvalet 21.-22.november.

Eli Lothe

11.11.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart