Fylkesjuryen i Hordaland har nominert Anne Lutro frå Ullensvang til frivilligprisen 2001. Ho har brukt mykje av livet sitt til friviljug arbeid med barn, ungdom og eldre innan idrett, 4H, bondekvinnelag og andre lag. Ho har eit sterkt engasjement, og er r
Anne Lutro sin arena har vore det tradisjonelle organisasjonslivet, men ho har og hatt stor evne til fornying og nytenking. Ho klarar å få folk med seg og grip fatt i viktige ting i samtida. Samstundes tar ho vare på tradisjonane.
I år har dette ført til at Lutro gjennom bondekvinnelaget har starta prosjektet ”Trivsel og lærdom” for innvandrarkvinner og norske kvinner. Dette inneheld fleire element frå symjekurs til krotakakebaking og tradisjonelt handverk. Lutro har også trekt fram den folkelege tradisjonen med jonsokbryllaup, først med opptog under opningsseremonien ved OL på Lillehammer, seinare som Tusenårsprosjekt på Hardangerdagen i Bergen hausten 2000, og ved fleire andre høve.
Ho tok for få år sidan hovudfag i etnologi, der jonsokbryllaupstradisjonane var emne for hovudoppgåva hennar. For nokre år sidan fekk ho ”I farta prisen” frå Norsk Bondekvinnelag.
I Ullensvang har Lutro vore med på å skapa aktivitet i bygdene i fleire tiår. Gjennom det ho har sett i gang av tiltak og aktivitetar, er det skapt møteplassar for folk, lagt til rette for toleranse og eit opnare samfunn.
Ved sida av det friviljuge arbeidet er Anne Lutro no lærar ved leirskulen i Kinsarvik, der ho er ansvarleg for vaksenopplæring for funksjonshemma.
Anne Lutro er fødd 15. august 1933 og er bondekone. Ho har seks born og etterkvart mange barneborn.
Den nasjonale prisen vert utdelt på landskonferansen for frivillighet i Stavanger 5 – 6 desember. Fylkesjuryane sine kandidatar er inviterte som gjestar til konferansen og prisutdelinga.
Nils Marton Aadland