Vi har lagt om startsida vår på internett og ein del av dei andre nettsidene våre. Fleire nye sider vil koma etter kvart.
Målet vårt er at sidene skal verta meir oversiktlege og lettare å ta seg fram i for deg som søkjer informasjon om og hjå oss. På startsida presenterer vi nytt frå fylkeskommunen. No i ferietida vil det truleg å litt tid mellom kvar gong det vert lagt ut nye saker.
Ei ny oppslagsside er «Telefon og epost». Her finn du telefon- og telefaksnummer til avdelingar og seksjonar i fylkesadministrasjonen, og epost-adressene til avdelingar og seksjonar som har dette pr. i dag. Det er også lagt ut nye sider om organiseringa av fylkesadministrasjonen. Desse sidene vil verta bygde ut med meir informasjon i løpet av hausten.
Storparten av avdelingane sine sider er ikkje lagde om i denne omgang, det vil verta gjort på eit seinare tidspunkt.

Tekst: Stanley Hauge