Hordaland fylkesting fryktar at fylkeskommunen kjem til å sitja att med eit oppsamla underskot på 375 mill. kr som skriv seg frå spesialisthelsetenestene som staten skal overta frå 1. januar 2002. Fylkestinget finn det urimeleg at staten ikkje vil dekka d
I ei fråsegn til Stortinget, seier fylkestinget seg svært uroa over konsekvensane dette vil få for drifta av dei attverande oppgåvene. Driftssituasjonen for vidaregåande skular og kollektivtrafikk vert nærast umogeleg når m.a. desse sektorane skal dekka inn spesialisthelsetenesta sitt rekneskapsunderskot, heiter det i fråsegna.
Fylkestinget viste til at det akkumulerte underskotet som skriv seg frå spesialisthelsetenesta, ved utgangen av 2001 kan verta på heile 375 mill. kr. Dette tilsvarar om lag 10 % av fylkeskommunen sitt budsjett etter at reforma er gjennomført. Fylkestinget meiner dette talet viser dramatikken i situasjonen dersom ein ikkje får kompensasjon frå sentralt hald.
Fylkestinget understrekar at
– akkumulerte rekneskapsunderskot frå spesialisthelsetenesta må dekkast inn av staten i samband med overtakinga
– ulikskapar mellom fylkeskommunane tilseier individuell handsaming
For at sentrale styresmakter skal få fullt innsyn i konsekvensane av reforma, ber fylkestinget i Hordaland om at Stortinget opnar for individuelle forhandlingar mellom fylkeskommune og stat om det økonomiske oppgjeret som følgje av reforma.
I ein merknad reserverte Arbeidarpartiet seg mot «å be om forhandlingar», Arbeidarpartiet ville i staden nytta formuleringa «å be om drøftingar» i siste avsnitt ovanfor.
Urettvis gjeldssletting
All lånegjeld som knyter seg til investeringar for spesialisthelsetenesta, vert dekka av staten ved overtakinga frå 1.1. 2002. Staten gjev også tilskot til sletting av lånegjeld ut over «sjukehusgjelda».
I brev til Stortinget skriv fylkesordføraren at Hordaland meiner denne ordninga gjev urimeleg utslag slik den er lagt opp. Store deler av midlane, 1,8 milliardar kroner av 2,3 milliardar kroner, går til område i landet som har nytt godt av statlege sjukehus og såleis har hatt lågare sjukehusgjeld enn gjennomsnittet. Dei fylkeskommunane som nyleg har bygd ut sjukehusa, får ikkje ekstra midlar til gjeldssletting.
Lite hjelp å få
I kommuneproposisjonen som Stortinget vedtok 14. juni vart det sett av 200 mill. kr til fordeling mellom fylkeskommunane etter nærare vurdering. — Dersom vi får vesentlege deler av de 200 mill. kr, vil det sjølvsagt vera til god hjelp. Vi skal arbeida for det, men må nok uansett rekna med at vi sit att med eit omfattande økonomisk problem, seier fylkesordførar Gisle Handeland .
Tekst: Stanley Hauge