To millionar kroner ekstra

Hordaland fylkesutval har løyvd 2 mill. kr ekstra til Diakonissehjemmets sykehus Haraldsplass (DSH). Forslaget som vart vedteke, var eit fellesforslag frå Ap, Krf og SP sett fram av Torill Selsvold Nyborg (Krf).

Løvyinga skal dekkjast over fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskontor. I vedtaket heiter det også at eventuell tildeling av ekstra midlar til sjukehusdrift for i år, skal Diakonissehjemmets sykehus Haraldsplass handsamast likt med dei andre sjukehusa i fylket. Etter forslag frå Høgre, uavhengige og SV vedtok fylkesutvalet at ved evt. underskotsdekking i Hordaland i år, skal DSH behandlast likt med dei andre sjukehusa.

Jan Koløy (Frp) føreslo først at Diakonissehjemmets sykehus Haraldsplass skulle få 4 mill. kr ekstra under føresetnad av at sjukehuset ikkje gjennomfører aktivitetsendringar som vedkjem heile pasientgrupper. I løpet av møtet endra Koløy forslaget til 3 mill. kr. Midlar ville Koløy skaffa ved låneopptak. Forslaget fekk ei røyst (Frp).

Høgre, SV og uavh. (S.S. Natås) føreslo ei ekstraløyving på 3 mill. kr dekka av fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto. Forslaget fekk seks røyster (H, SV, Frp, uavh.) og fall.

11.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart