Skoleopptaket - 94 prosent får førstevalet

Vel 14200 av totalt 15556 søkjarar til vidaregåande opplæring i Hordaland får no melding om inntak i skole. 94,1 prosent av dei søkjarane som har rett til vidaregåande opplæring, får det første kursønske sitt oppfylt. Søkjarar i alderen 16 - 19 år har r

I alt har 1309 søkjarar utan rett søkt vidaregåande opplæring. 75,4 prosent av desse har fått tilbod.
- Det er små endringar i talet på søkjarar til vidaregåande skolar. Ut frå samanliknande tal for skoleåret 2000/2001, har vi ein nedgang på 32 søkjarar, opplyser inntaksleiar Nils Skavhellen.
Han opplyser at etter første inntak står 584 søkjarar med rett til opplæring utan tilbod. Søkjarar på venteliste er spreidde over heile fylket. For grunnkursa er det flest på venteliste til musikk, dans, drama, media og kommunikasjon og formgjeving.
Det er framleis ledige skoleplassar i fylket. Dei fleste finn vi på allmennfagleg studieretning.
Dei som har fått tilbod om plass, må svare innan 25 juli.
Nye meldingar om inntak (2. inntaksomgang) vil vere klart for utsending innan 3 august. Dato for 3. inntaksomgang er sett til 11. august.
Alle søkjarar med rett til vidaregåande opplæring vil få eit tilbod til skolestart. Dei søkjarane med rett til vidaregåande opplæring som enno ikkje har fått tilbod om plass, vil få brev med invitasjon til skriftleg samtale med Inntakskontoret, opplyser Skavhellen.
Skolane i Hordaland tek til 15. august.

Nils Marton Aadland

17.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart