Ros for å satsa internasjonalt

Frå den norske generalkonsulen i Edinburgh, Kåre Hauge, har Hordaland fylkeskommune fått ros for å engasjera seg internasjonalt. Generalkonsulen trekkjer fram at kronprins Haakon si vitjing til Orknøyane 16. april i år kom som eit resultat av Hordaland si

I eit brev etter kronpris Haakon Magnus si vitjing til Orknøyane 16. april i år, skriv generalkonsulen: «Det ligg nær å peike på at mykje av grunnlaget for innbydinga til Kronprinsen var det tilskotet Hordaland fylkeskommune hadde gitt til St. Magnus-senteret.» Gåva på 300.000 kr er ei monaleg gåve for kva norsk institusjon som helst, og viser Hordaland sin vilje til å halde kontakten med venskapskommunen i vest, heiter det i brevet frå Hauge. Han avsluttar slik: «Biblioteket vil alltid vere der til bruk også for nordmenn og vil minne om kontakten med Noreg. Det viser også at norske (fylkes-)kommunar har ein rolle å spele internasjonalt når viljen og interessa er til stades for slikt. I ei tid då fylkeskommunen si rolle i norsk administrativ struktur er under sterk drøfting, bør dette aspektet ikkje bli gløymt.»

12.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart