Målinga viser at kundane gjennomgåande er nøgde. Spesielt nøgde er dei med faktorar selskapa har stor grad av kontroll over. Dette gjeld til dømes reinhald, vedlikehald, køyrestil, og dei tilsette sin service.
Når det gjeld element selskapa har mindre kontroll over, er kundane gjennomgåande nøgde også. Unntaka er billettpris og for BNR og HSD Buss sitt vedkomande ruteinformasjon og reinhald på haldeplass og terminalar.
Ei tilsvarande måling vart gjort i fjor haust og Gaia Trafikk AS har meir nøgde kundar no enn då, mens HSD Buss sine kundar er blitt litt mindre nøgde. BNR sine kunder er noko meir nøgde.
For ytterlegare informasjon om detaljer, sjå vedlagte rapport, eller ring ein av kontaktpersonane under.
Kontaktpersonar:
Samferdselssjef Magnus Vestrheim, tlf 55 23 93 50 og mobil 93 00 31 52
Adm. dir. Arne Buanes, Gaia Trafikk, tlf 55 55 44 15 (også formann i Transportbedriftenes Landsforening Hordaland)
Adm. dir. Bjørn Ove Børnes, HSD Buss AS, tlf 56 32 35 08
Adm. dir. Oddvar Vigestad, BNR ASA, tlf 55 54 87 10