Nærinett - samarbeid mellom bibliotek og næringsliv.

Næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune ved Europakontoret, har invitert fire kommunar i Hordaland til å vere med i eit prosjekt kalla Nærinett, eit samarbeid mellom bibliotek og næringsliv. Dei fire kommunane er Austevoll, Etne, Kvam og Osterøy.

Målsettinga er at kommunane ved biblioteka skal ha ei førstelineteneste som formidlar EU/EØS-informasjon til næringsliv og kommunal administrasjon. Biblioteksjefen og næringssjefen skal utgjere kjernen i arbeidet, med Europakontoret som aktiv informasjonsleverandør.

Ein viktig reiskap i prosjektet er ein nettbasert bedriftsdatabase http://www.vestnett.no for Hordaland som vart utvikla på Europakontoret hausten 2000. Med eit tastetrykk kan ein sende e-post med relevant informasjon til ein heil bransje eller eit spesielt utval av bedrifter. Kvar einskild bedrift kan vedlikehalde eigen informasjon. Biblioteka skal med databasen som reiskap drive proaktiv informasjonsteneste retta mot bedrifter i eigen kommune.

Denne informasjonen vonar vi skal gje bedrifter og kommunar konkurransemessige fordelar og verke næringslivsstimulerande. Dette arbeide vil også styrkje folkebiblioteka si stilling som informasjonsknutepunkt i kommunane og som samarbeidspart i kommunal forvaltning.

Basen inneheld mellom anna e-post adresse, vevstadadresse, bransjekodar og fritekstfelt, som alle kan søkjast. Dette vil gje bedriftene høve til å marknadsføre produkta og tenestene sine og dei vil kunna søkje etter samarbeidspartar, leverandørar og kundar. Vi meiner at ein kritisk faktor for kvaliteten på innhaldet i basen, er å ha kvalifiserte folk til å stette dei. Folkebiblioteka har dei beste kvalifikasjonane for å sikre kvaliteten i registreringa med næringssjefen som fagleg rådgjevar og samarbeidspart.

Europakontoret og SND er informasjonsleverandørar til nettverket. Av di folkebiblioteka er ansvarlege for nyregistrering av bedrifter og oppdatering av registrerte data vil dei få ein unik kunnskap om næringslivet i sin kommune, og deira produkt, tenester og behov. Denne kompetansen er ein viktig faktor når biblioteket skal utvikle si rolle som servicepunkt for det lokale næringslivet. Deltakande kommunar er: Austevoll, Etne, Kvam og Osterøy.
Prosjektet starta opp i mai 2001. Prosjektansvarleg er kultursjefen i Austevoll, Karl Johan Haugland. Prosjektleiar er biblioteksjefen i Kvam Siv Røyneland.

Tekst: Tore Ryland

12.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart