Mot ein ny Vestlandsregion?

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune set no i gang eit større utgreiingsarbeid om utvikling av Vestlandsregionen. Arbeidet skal gjennomførast av Rogalandsforskning, Vestlandsforsking og Møreforskning saman.

Ny region eller samarbeid?
Fokus for arbeidet er todelt:
-Korleis utvikle eit meir forpliktande samarbeid om konkrete oppgåver i Vestlandsregionen (samarbeid)
-Er det grunnlag for eit muleg framtidig samla Vestlandsfylke? (samanslåing)

Sogn og Fjordane fylkeskommune har etter vedtak i fylkestinget reservert seg når det gjeld utgreiing av eit evt. storfylke på Vestlandet.

Tung politisk styringsgruppe
Arbeidet blir leia av ei politisk styringsgruppe med fylkesordførarane Roald G. Bergsaker (Rogaland), Gisle Handeland (Hordaland), Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane) i spissen, samt dei tre fylkesvaraordførarane og opposisjonsleiarane.

Sluttbehandling neste år
Arbeidet skal vere avslutta innan årsskiftet. Deretter startar den politiske behandlinga i dei tre fylka, med sluttbehandling i fylkestinga i mars neste år.

Mot ei ny fylkesinndeling?
Regjeringa har utfordra fylka til å sjølv vurdere om dagens fylkesinndeling er tenleg, og vil gjennom ulike verkemiddel stimulere til samanslåing av fylker. Stortinget slutta seg til dette i juni i år. Arbeidet med å utvikle Vestlandsregionen er også eit svar på denne utfordringa.

Vestlandsregionen
Alt hausten 1998 tok fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane initaitiv til ein prosess for å utvikle Vestlandssamarbeidet. Dei tre fylkesutvala har hatt to fellesmøte, seinast i mars d.å. Det er brei semje om å arbeide aktivt for å utvikle Vestlandsregionen. Dermed kan ein betre hevde regionens interesser overfor sentrale styresmakter, betre utnytte regionens samla potensial for verdiskaping og næringsutvikling og stå sterkare i kampen om å overta statlege oppgåver.

Alt i dag er det samarbeid på ei rekkje område. Samarbeidet om den såkalla ”Vestlandspakka” i samband med Nasjonal Transportplan i fjor haust var ei viktig markering av eit Vestland som kan stå saman og vise samla styrke. Det utgreiingsarbeidet som no no startar kan leggje grunnlaget for ein endå meir markert og sterk Vestlandsregion.

Jan Per Styve

17.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart