
Kulturnett Hordaland er ein felles inngangsportal til kulturtilbod og informasjon om Hordaland på internett. Nettstaden er ei teneste for publikum, tilrettelagt og finansiert av Hordaland fylkeskommune.
Fylkestinget vedtok å opprette prosjektet i 1998. Då prøveprosjektet gjekk mot slutten, vedtok fylkestinget i fjor å gjere prosjektet permanent frå 1. januar i år.
Gjermundnes er glad for at nettstaden er blitt populær hos folk i alle aldre.
- Stadig fleire brukar nettsidene til kulturnettet. Frå andre til tredje året har bruken auka med 60 prosent.
Innspel frå sektorgrupper
Gjermundnes er ansvarleg for innhaldet på sidene, mens IT-seksjonen i Fylkeshuset tek seg av det tekniske. Over seg har ho ei politisk styringsgruppe som mellom anna ”stakar ut vegen” og fordeler prosjektmidlar, og ei prosjektgruppe som fungerer som redaksjon. I tillegg er det nedsett fire sektorgrupper som ikkje bidreg med midlar, men som kjem med innspel til kva som kan vere innhald på kulturnettet. Desse sektorgruppene er arkiv, bibliotek, kunst og museum.
Stolt over ”Eldreveven”
I to periodar har sivilarbeidarar arbeidt med delnett under Kulturnett Hordaland. Førskulelærar Frode Fjeldberg arbeider i dag med ”Ung i Hordaland”, mens lektor Oddgeir Synnes har teke seg av ”Eldreveven”, som først og fremst presenterer dikt og andre tekstar av eldre.
Gjermundnes er spesielt glad for at fylkeskommunen har vore fødselshjelpar og drive fram ”Eldreveven”.
- Fylkeskommunen kan vere stolt over resultatet, og prosjektet er unikt i nordisk samanhang. Det er gjort mykje med få midlar. I haust vil denne nettstaden bli presentert på den internasjonale bibliotekkonferansen i Boston. Vi håpar å få ”Eldreveven” som fast tiltak. Det er politisk ønske om det, seier Gjermundnes.
2.500 lenkjer
Kulturnett Hordaland er bygd opp som nettstader flest i dag, med nyhende og meldingar i midten, ein del tema til venstre og lenkjer til høgre.
- Nytt og meldingar er ikkje først og fremst reportasjar, for det har vi ikkje tid til, men vi lenker opp til andre nettstader. På menyen til venstre har vi ulike tema, mellom anna om ”Krig i Hordaland” og om Vågsbunnen. Vi har og ”Møteplassen” som er eit virtuelt bibliotek. På menyen til høgre har vi bortimot 2.500 lenkjer som blir oppdatert minst ein gong i månaden.
Stimulere
Prosjekt er eit eige menypunkt.
- Der har vi oversikt over prosjekt som har fått støtte frå Kulturnett Hordaland. I mandatet vårt blir det sagt at kulturnettet skal ”stimulere til utvikling av nye tenester i regi av andre tilbydarar av internettenester”. Desse prosjekta blir lenka opp som delar av kulturnettet. I prosjektperioden har vi hatt ein del midlar til dette, og vi håpar å få denne ”potten” inn att.
Ung i Hordaland
I mai vart nettstaden ”Ung i Hordaland” opna.
Den er – som ”Eldreveven” – eit resultat av styringsgruppa sine prioriteringar. Fylkeskommunen og Bergen kommune skal dele på utgiftene til drift av nettstaden.
- Vi vil gjerne ha kontakt med vidaregåande skular, og håpar at enkelte elevar har lyst til å gå inn i ei lita redaksjonsgruppe der alle bidrag – frå tips til reportasjar og liknande - er velkomne. Ta gjerne kontakt med oss.
”Ung i Hordaland” finn du her: http://ungkultur.ivest.no
Det er og meininga at ”Ung i Hordaland” skal bli ”kulturdelen” av nettstaden ”Skoleportalen” som Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen driv.
Vandring i Hordaland
Kulturnettet har planar om fleire prosjekt, mellom anna ein nettstad for kultur i Hardanger – i samband med tusenårsstaden. Dette er lagt på is førebels, fordi ein lokalt i Hardanger vil lansere ein eigen portal. Men Hardanger blir sett på kartet via eit anna fylkeskommunalt prosjekt ”Berekraftig næringsutvikling i lokalsamfunna” der det mellom anna blir laga ei felles nettside for forskjellige vandringar i Hordaland – til fots, med sykkel eller bil, med oversikt over turistattraksjonar og overnattingsstader. Hardanger og ytre strok er med først. Kulturnettet er med i redaksjonsgruppa for denne ”portalen”.
Fleirkulturelle Hordaland
Til hausten er det planar om å etablere nettstaden ”Det fleirkulturelle Hordaland”.
- Dette er eit tema som styringsgruppa vil prioritere, men som omfattar meir enn fylkeskommunen. Her skal vi ha presentasjon av internasjonal kultur i Hordaland og Bergen, bakgrunn om innvandrargruppene, etc.
Planar om å få breiband til alle biblioteka i fylket for overføring av lyd og bilete av god kvalitet er eit anna prosjekt. Fylkesbiblioteket har søkt Statens Bibliotektilsyn om 3,9 millionar kroner til gjennomføringa. Dersom dette prosjektet blir realisert, skal Kulturnett Hordaland ta seg av innhaldsbiten: Ein ”dramatisk” introduksjon til informasjon som finst i arkiv, bibliotek og museum.
Nettutstillingar – som eit prosjekt i samarbeid mellom fleire museum - vil vi og prøve. I første fase har vi tenkt å konsentrere oss om ei nettutstilling av hovudplagg brukt til nasjonaldrakter.
Dersom vi får til dette, kan omfanget utvidast – og samarbeidspartnarar kan for eksempel finnast over landegrensene.
Kulturnett Hordaland finn du på http://hordaland.kulturnett.no