Hordaland har fått fylkesordførarkjede

Under fylkestinget på Lofthus i Ullensvang 12. juni fekk fylkesordførar Gisle Handeland offisielt overrekt fylkesordførarkjeda. Det var Øyvind Halleraker, leiar i «kjedekomiteen» som han uttrykte det, som stod for den høgtidelege overleveringa.

Halleraker viste til at det første registrerte utspelet for å få laga eit fylkesordførarkjede i Hordaland, kom i fylkestinget i desember 1987. Kvifor det har teke slik tid å få laga kjeda, hadde han ikkje noko svar på, men meinte at det ikkje trong vera noko dårleg teikn at det har teke tid. Inspirert av omgjevnadene fylkestinget vart halde i, sa han: – Det er som med sideren, han er best når han får modna litt.

Fylkesordførar Gisle Handeland som tjuvstarta med å bruka kjeda under Festspela i Bergen, sa at det har vorte ei vakker kjede som han er stolt over å få bera.

Fylkesvåpenet utført i raud emalje og med gull øksar er sjølvsagt hovudmotivet i kjeda. Onarheimsseglet frå 1344 er utgangspunktet for fylkesvåpenet. Sentralt plassert bak på kjeda er ei bronsestøyping av dette historiske seglet.

Symbol frå fylket
Sjølve kjeda er sett saman av 16 motiv pluss mellomledd.
Ved val av motiv er det lagt vekt på å gjera eit utval som er representativt for Hordaland. Motiva som er valde representerer ulike deler av fylket, ulike tidsepokar, natur, kultur, næringsliv, idrett, fritid og utdanning/kunnskap.

Det er med historiske motiv som helleristingsskip, Moster kyrkje, Håkonshallen og kvinne i bunad. Utvalet inneheld kulturmotiv som hardingfela og skulptur av Grieg, den sistnemnde i dobbelt tyding då det er Ingebrigt Vik sin skulptur av Grieg som er modell for motivet i fylkesordførarkjeda.

Laks kan representera både fortid, notid og framtid – og både sportsfiskar og yrkesutøvar. Ugla er brukt som motiv for kunnskap, men representerer også utdanningsfylket Hordaland – med Universitetet i Bergen (UiB) som den fremste på det området. Ugla er nettopp motivet UiB brukar i logoen sin.

Hordaland er også eit reiselivsfylke, og fleire av motiva representerer kjende turistmagnetar i fylket. Oljeplattforma kan stå som symbol både for ei av dagens viktigaste næringar og for energifylket Hordaland.

Som mellomledd er nytta «åttebladrosa» som vert brukt på bringeklutane kvinnebunader i det meste av Hordaland.

Utforminga
Tre gullsmedfirma i Bergen vart bedne om å gje tilbod på fylkesordførarkjeda. Valet fall Van Bergen, og det er deira designar Einar Johannessen som har stått for utforminga. Han har m.a. også utforma kjeda for Sogn og Fjordane og oldermannskjeda til Bergens Baker- og Konditormesterlaug.

«Kjedekomiteen»
Dei tre som var med i den såkalla «kjedekomiteen» som fekk fullført oppdraget med fylkesordførarkjeda, var:
Øyvind Halleraker, Sigrun Sangolt Natås og Torill Selsvoll Nyborg.

Tekst og foto: Stanley Hauge

12.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart