Mest heile underskotet – 275 mill. kr – gjeld helse- og sosialsektoren, fordelt med 184 mill. kr ved dei somatiske institusjonane, 14 mill. kr i psykiatrien og 77 mill. kr i barne- og familievernet. For dei andre sektorane er det ikkje venta store avvik i høve til budsjettet.
Vedtaket om å setja i gang sparetiltak vart gjort mot åtte røyster (SV, RV, Pensj.).
Fylkesutvalet skal haldast løpande orientert om utviklinga i økonomien, med oppdaterte rapportar kvar månad.
For Haukeland sykehus peikar prognosen mot eit udnerskot på 153 mill. kr for i år. Trass i at tiltak er sette i verk er det ei forverring på 60 mill. kr frå fjoråret. Fylkessjukehuset på Stord er også inne i ei negativ utvikling. Prognosen tyder på eit underskot på vel 15 mill. kr i år mot knappe 4 mill. kr i fjor. For Fylkessjukehuset på Voss ser det ut til å verta 1,6 mill. kr i underskot og for FS Odda 2,3 mill.kr. Kysthospitalet i Hagevik ventar underskot på om lag 1 mill. kr i år. Diakonissehjemmet sykehus ser etter tilleggsløyving på 4 mill. kr ut til å få vel 8 mill. kr i underskot.
Sandviken sykehus ser ut til å få underskot på vel 6 mill. kr.
Fylkestinget vedtok at statlege styresmakter må på nytt gjerast kjent med den alvorlege stoda fylkeskommunen er i, og at tillyste naudsynte innsparingar innan helsetenesta i Hordaland kan få store konsekvensar for pasientane dersom det ikkje kjem auka løyvingar frå statleg hald.
I vedtaket understrekar fylkestinget at det ikkje er akseptabelt at institusjonane ikkje held budsjettråmene. Fylkestinget ber fylkesrådmannen vurdera kva for tiltak som kan setjast i verk for å betra budsjettdisiplinen – spesielt med omsyn til lønsbudsjettet. Dette punktet, som var føreslege av Høgre, vart vedteke mot 8 røyster (SV, RV, Pensj.).
Tekst: Stanley Hauge