Ein million kroner til nærmiljøanlegg i Hordaland

Det kan bli fart i utbygginga av nærmiljøanlegg i Hordaland etter at Kulturdepartementet har løyvt ein million kroner til formålet. Hordaland fylkeskommune tildelar midlar etter søknad. Midlane blir tildelt nærmiljøanlegg for eigenorganisert fysisk aktivi

Anleggskonsulent i Hordaland fylkeskommune, Tore Andersen, opplyser at det er laga eit forenkla søknadsskjema som kan fåast hos kulturkontora i den enkelte kommune, eventuelt ved idrettskontoret i fylkeskommunen.

Ingen søknadsfrist
- Dette er ei ny ordning i år og går ut på at velforeiningar, idrettslag, burettslag, kommunar, fylkeskommunar, lutlag eller andre samanslutningar kan søkje om midlar til å byggje mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg. Vi har ingen søknadsfrist. Søknadene blir behandla i den rekkefølgje dei kjem, men vi vil sjølvsagt gjere faglege vurderingar av søknadene. Vi kan og love svært kort behandlingstid, berre nokre få veker, slik at utbygginga kan skje i haust, seier Andersen.

Maksimalt 80.000 kroner
Det kan søkast om inntil 50 prosent av kostnaden. Maksimal kostnad er 80.000 kroner.
Andersen understrekar at du ikkje kan søke om midlar til å byggje reine leikeplassar, sandkassar, disser, sklier, etc. Derimot kan du få pengar til aktivitetsflate for til dømes ballspel og sykling. Det må vere eit formål som fremjar fysisk aktivitet.
I alt har Kulturdepartementet sett av 10 millionar kroner til føremålet i år.
Interesserte søkjarar kan først ta kontakt med kulturkontoret i heimkommunen. Der får ein nærmare informasjon og søknadsskjema. Kommunen må og skrive under på søknaden som skal sendast til idrettskontoret i Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.

Nærmare informasjon kan ein og få hos idrettssjef Tore Alfstad eller anleggskonsulent Tore Andersen i Hordaland fylkeskommune på telefon 55 23 92 82.

Informasjon, søkjarhefte og søknadsskjema er og lagt ut på nett på idrettssidene til Hordaland fylkeskommune:
www.hordaland-f.kommune.no/planogmiljo/idrett/spelem/forenklnma.htm

Det finst og informasjon hos Kulturdepartementet på www.odin.dep.no/kd/norsk/idrett

Bjarte Brask Eriksen

31.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart