Til to nye behandlingsrom ved Loddefjord tannklinikk er det løyvd 630.000 kr. Dei to nye romma skal erstatta den nedlagde tannklinikken ved Vadmyra skole. Tannklinikkane i Arna skal slåast saman. Til utbygging og ombygging ved Indre Arna tannklinkk ved Arna helseheim er det løyvd 1,0 mill. kr. Til ombygging og påbygging av Askøy tannklinikk på Kleppestø er det løyvd 2,2 mill. kr. Det er vedteke å leggja ned tannklinikkane på Ravnanger og Fauskanger, og tannklinikken på Kleppestø vert utvida til erstatning for dei to klinikkane.