90 prosent av unge i Hordaland tek vidaregåande utdanning

I 1999 tok 14.880 hordalendingar vidaregåande utdanning, av desse 930 lærlingar. Siste utdanningsstatistikk, som er per 1. oktober 1999, viser at dei siste åra har 90 prosent av alle mellom 16 og 18 år busett i Hordaland vore i gang med vidaregåande utdan

Prosenten var enno litt høgare i 1995-96. Fram til då hadde den auka år for år. I 1980, nokre år før dei fleste av dagens elevar i vidaregåande skule var fødde, tok knappe 65 posent vidareåande utdanning.

I 1999 gjekk heile 94,5 prosent av 16-åringane i fylket i vidaregåande skule, for 18-åringane var talet 85 prosent.
Det er såleis ikkje rart at inntaksleiar Nils Skavhellen har hatt mykje å gjere dei seinare åra, og at ein god del elevar har sett seg nøydde til å ta turen til Fylkeshuset for å prøve å bytte skuleplass.

Tal 16-18-åringar som tar vidaregåande utdanning kan ikkje bli så mykje høgare, men talet på elevar kjem likevel til å auke. Frå eit lågmål i 1985 auka fødselstalet i Hordaland kraftig på siste delen av åttitalet og første delen av nittitalet. Desse er no i ferd med å bli klar til å søkje vidaregåande skule, så inntaksleiaren får nok problem med å ta sommarferie dei neste 10 åra også.

Kjelde: SSB statistikk om barn og unge: http://www.ssb.no/barnogunge/2001/

Ronny Strand

30.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart