28 fylkestingsmedlemer på stortingslistene

28 av dei 67 representantane i Hordaland fylkesting er førde opp som kandidatar ved stortingsvalet til hausten. 10 av dei 18 listene som stiller i Hordaland ved årets val, har fylkestingsmedlemer som kandidatar. Tre lister har henta toppkandidatane sine f

Ut frå dei siste gallupane ser det ut til at Øyvind Halleraker, nr. 3 på Høgrelista, er den av fylkestingsmedlemane som ligg best an til å sikra seg stortingsplass. Med nokolunde normal utteljing for Senterpartiet vil også Rune Skjælaaen koma til å ta spranget frå fylkestinget til Stortinget. Eit anna spenningsmoment ved haustens val er kor stor oppslutnad Hordalandslista med Sigrun Sangolt Natås på førsteplass vil få.

Arbeiderpartiet har fem fylkestingsmedlemer på si liste: Jorill Christensen (nr. 8), Hans Otto Robberstad (13), Åse Vaksinen Sælensminde (18), Terje Olav Hermansen (19) og Liv Oda Dale (20).

Heile åtte av dei elleve som vart valde inn i fylkestinget for Fremskrittspartiet i 1999, står på stortingsvallister. Tre på Fremskrittspartiet si: Jan Koløy (4. plass), Roald Stenseide (5) og Bjørg Næss (19). Fem av dei seks som har meldt seg ut av Frp, er kandidatar for Hordalandslista: Sigrun Sangolt Natås (1. plass), Fredrik U. Litleskare (3), John N. Mandelid (5), Egil Klubben (7) og Hildur Larsen (8).

Høgre har to fylkestingsmedlemer på si liste: Øyvind Halleraker på 3. plass og Stig Stellberg på 15. plass.

Kristeleg folkeparti har nominert fire fylkestingsmedlemer: Pål Kårbø (4. plass), Torill Selsvold Nyborg (7), Oddvar J. Jensen (8) og Magnhild Furdal (12).

Jørgen Øydvin, som er einaste representant for Pensjonistpartiet i fylkestinget, toppar også stortingslista til partiet.

På Raud Valallianse si liste er fylkestingsmedlem Hilde Kalleklev nominert på 4. plass.

Dei to første kandidatane på stortingslista til Senterpartiet er fylkestingsmedlemene Rune Skjælaaen (1. plass) og Malie Grete N. Aksnes (2). Bente Bondhus (13) er den tredje fylkestingsmedlemen på Sp-lista.

Sosialistisk venstreparti har også tre fylkestingsmedlemer på si liste: Bjørn Lothe (4. plass), Aud Karin Oen (7) og Mette Holmefjord Olsen (13).

På Venstrelista er Harald Hove nominert på 3. plass, slik han også var det ved valet for fire år sidan.

To tilsette i fylkesadministrasjonen er nominerte, Ruth Grung som nr. 7 på Arbeiderpartiet si liste og Morten Havsgård som nr. 18 på Senterpartiet si liste.

13.07.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart