Torill S. Nyborg vald til fylkesvaraordførar

Hordaland fylkesting har vald Torill Selsvold Nyborg (Krf) til fylkesvaraordførar i den perioden Helen Nordeide Fløisand (Krf) har permisjon frå fylkestinget for å vera byråd i Bergen.

På biletet gratulerer fylkesordførar Gisle Handeland og overrekker blomster. Selsvoll Nyborg vert også leiar i administrasjonsutvalet i same periode. Selsvold Nyborg går også inn i ei rekkje andre verv som Helen Nordeide Fløisand har hatt i fylkeskommunal samanheng.

Nordeide Fløisand tok til som byråd i Bergen 1. november i år. Fylkesutvalet godkjende 1. nov. at ho fekk permisjon og konstituerte frå same tidspunkt Selsvold Nyborg i vervet som fylkesvaraordførar. Fylkestinget har no formelt godkjent permisjonen og føreteke nyval i verva Nordeide Fløisand har permisjon frå.

Ny fylkestingmedlem for Krf vert Aslaug Hellesøy, og ny fylkesutvalsmedlem vert Brynjulv Hernes.

Stanley Hauge

12.12.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart