Stipend til fire idrettstalent

Symjaren Gard Kvale, golfspelaren Øystein Engevik, skiløparaen Chris Jespersen og roaren Inger Anne Halrynjo er tildelt Hordaland fylkeskommune sine utviklingsstipend i idrett for 2001. Kvart stipend er på kr 25 000. Utdelinga vart gjort av leiar Oddvar J

På biletet ser vi tre av stipendvinnarane, frå venstre: Inger Anne Halrynjo, Chris Jespersen og Øystein Engevik. Til høgre komiteleiar Oddvar J. Jensen som stod for utdelinga. Gard Kvale deltok i symje-EM og kunne ikkje møta ved utdelinga.

Utviklingsstipenda
Fylkeskommunen sine utviklingsstipend innan idrett kan tildelast einskildutøvarar og trenarar. Ein person kan berre motta slikt stipend ein gong.
Målet med stipenda er å gje mottakarane stimulans og høve til vidareutvikling i si idrettsgrein. Ved tildelinga av stipend vert det lagt vekt på: idrettsprestasjonar, potensial og planar for vidare satsing innan idretten.

Tildelinga skjer etter innstilling frå Hordaland idrettskrets. Vedtak om kven som skal tildelast stipend, vert gjort av Komiteen for kultur og helse.
Frå idrettskrinsen låg det i år føre framlegg på 22 kandidatar frå 13 særkrinsar.

Utøvarane
Kort om dei einskilde utøvarane som er heidra:

Gard Kvale (17 år), symjar frå Bergen Svømme Club. Han har gull på 1500m fri i nordisk meisterskap for junior. Junior NM 2001: 11 gull, 4 sølv, 2 bronse. Senior NM 2001: 3 gull, 5 sølv. Utteken til elitelandslaget (team Aten) som yngste utøvar.

Øystein Engevik (18 år), frå Os – representerer Bjørnefjorden golfklubb. Golfspelar med deltaking på juniorlandslaget. Noregs nest beste spelar i nordisk meisterskap for junior. Nr. 4 i junior-NM og nr. 11 i senior-NM.

Chris Jespersen (18 år), ski langrenn, representerer IL Korlevoll i Odda. Nr. 2 i Norgescupen junior 17 år, og beste norske (nr. 2) i Nordisk skilandskamp 2001.

Inger Anne Halrynjo (18 år), roar som representerer Voss roklubb. Gull i singlesculler nordisk meisterskap for junior, bronse i dobbeltfirar nordisk seniormeisterskap. Gull i singlesculler NM junior og bronse i NM senior. Nr. 10 junior-VM, singlesculler. Gull i fleire internasjonale juniorregattaer.

Stanley Hauge

14.12.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart