
Landskapet er i seg sjølv av nasjonal klasse - eit sjeldsynt kulturlandskap med driftige innbyggjarar. Dette er ressursar som må nyttast! Lokalt forankra næringsliv, tufta på natur og kultur, vil stå i sentrum. Meir presist: Denne idédugnaden vil ikkje ta for seg store investeringar, men setje fokus på samhandling og nettverksbygging innanfor kultur- og naturbasert næringsliv.
Formell oppdragsgjevar er avdeling for regional utvikling i Hordaland Fylkeskommune. Dei har engasjert Tron Bach som prosjektleiar. Han har mellom anna 15 års røynsle frå natur- og kulturbasert reiseliv på Finse, og dei siste sju åra har han arbeidd med å føre den historiske hotelleigedomen, Sandven Hotel i Norheimsund, attende til marknaden.
Det vil bli arrangert kveldsmøte i ni bygder: Husnes, Fjæra, Odda, Vikebygd, Utne, Herand, Jondal, Mauranger og Rosendal. I tillegg skal Bach ha møte med administrasjon og politikarar i alle dei fem kommunane rundt halvøya; Etne, Odda, Ullensvang, Jondal og Kvinnherad.
Første møterunde skal gjennomførast i midten av januar og målet for reisa er å samle inn idear og møte idémakarar. Kontaktane vert følgde opp på ei ny rundreise i slutten av februar. Alt i mars skal prosjektresultata overleverast til Hordaland Fylkeskommune.
Tron Bach seier at det i kjølvatnet av idédugnaden må kome synlege prov på iver og nyskaping; minst fem tiltak skal opp å gå! For å få dette til må kvart av tiltaka ha ein marknad. Dette kan vere tiltak som ikkje berre halvøya, men heile Hardanger og Sunnhordland, i ettertid kan nyte godt av.
Tron Bach gler seg til å kome i gang og utvikle idear og hauste meiningar om både nyskapingar og noverande tiltak. Det er eit ynskje at prosjektleiaren er lett tilgjengeleg og mest mogleg tilstades i regionen. Det er difor leigd inn bubil som vil vere eit rullande kontor og overnatting for Bach i prosjekttida. ”Idédugnad på Folgefonnhalvøya” er i seg sjølv eit nyskapande pilotprosjekt.
Stanley Hauge