Hordaland fylkesting har vedteke å oppretta Etne vidaregåande skule frå 1.1.2002. Vedtaket vart gjort mot 13 røyster (H). Høgre føreslo at Hordaland i staden skal kjøpa gjesteelevplassar i Rogaland for elevane frå Etne. Forslaget vart sett fram av Janni
Eit fellesforslag frå Fremskrittspartiet og uavhengige om at klassane i Etne skal administrerast frå den næraste vidaregåande skulen, og at ein må vurdera å kjøpa elevplassar i Rogaland, fekk 11 røyster (Frp og uavh.) og fall.
Frå 1.8. 98 vart Etne vidaregåande skule og Ølen vidaregåande skule slegne saman til ein skule. Grunngjevinga for samanslåinga var at det skuleåret 1997/98 berre var ein klasse igjen ved skulen i Etne. Undervisninga i faga Arbeidsmaskiner VKI og Køyrety VKI har halde fram i Etne som tidlegare.
Frå 1.1. 02 går Ølen kommune over til Rogaland fylkeskommune. Ein skule i Rogaland kan vanskeleg ha ein filial i Hordaland, og dermed står valet mellom å leggje ned filialen i Etne eller opprette skulen igjen som ei sjølvstendig eining.
Dette skuleåret er det ein klasse køyrety VKI ved skulen i Etne. Frå hausten 2002 har fylkesutvalet vedteke å oppretta ein klasse i VKI anleggsmaskiner og ein klasse grunnkurs i sal- og service.
Stanley Hauge