Frå årsskiftet vert Hordaland litt mindre. Ølen, med sine 182 kvadratkilometer, skifter fylke og vert ein del av Rogaland. Folketalet i Hordaland vert frå same tidspunkt redusert med 3 350. Men sidan Hordaland veks med om lag «ein Ølen» i året, vert innby

Talet på kommunar i Hordaland vert frå årsskiftet 33, medan Rogaland frå same tid tel 27 kommunar.
Ølen vidaregåande skule med 55 årsverk og tannklinikken i Ølen med 2 årsverk, går frå årsskiftet over til Rogaland fylkeskommune. Skulefilialen i Etne har fylkestinget vedteke skal verta eigen vidaregåande skule frå same tidspunkt. Fylkesskiftet får også konsekvensar for fylkeskommunen sitt tilskot til kollektivtrafikken i Ølen, og fylkesvegane i kommunen.
Terje Hermansen (Ap) som var einaste fylkestingsrepresentant frå Ølen i perioden 1999-2003, vert framleis medlem i Hordatinget då han tidlegare i år flytta til Os. Ølen vert utan representant i Rogaland fylkesting.
Sjå det nye kartet over Hordaland i stort format
Stanley Hauge