Nullvekstbudsjett

- Budsjettet er i hovudsak eit såkalla nullvekstbudsjett. Eit viktig unntak er budsjettet for barne- og ungdomsvernet som er auka med 75 mill. kr. Det er framleis ein del usikre moment både for rekneskapen for i år og dermed og for budsjettsituasjonen for

Fylkesrådmannen reagerer på at fylkeskommunen blir påført nye utgifter, som skal førast i rekneskapen for i år, berre ein månad før nyttårsaftan. Tidlegare har fylkeskommunane ført variabel løn mot slutten av året på rekneskapen for neste år. I år skal all variabel løn til og med nyttårsaftan førast i år.

- I overgangsåret til statleg drift av sjukehusa, skal dette altså skje. Det er openbart at dette blir gjort for å spare helseføretaka for utgifter neste år, men dette medfører ekstrautgifter på mellom 50 og 70 millionar for Hordaland fylkeskommune.

Fylkesrådmannen sa at ein mengde konsulentar er i sving for å passe på at ingen utgifter som skal sporast til 2001, skal komme inn i rekneskapen for 2002.
- Det same gjeld inntekter, men eg er ikkje like trygg på at innsatsen til konsulentane for å sikre at inntektene til fylkeskommen kjem med, er like nitidig.

Les heile talen til fylkesrådmannen

Bjarte Brask Eriksen

11.12.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart