Hordaland fylkesting har samrøystes vedteke at stiftinga som står for Moster amfi og kyrkjehistorisk senter vert nyorganisert som aksjeselskap, Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske Senter AS. Fylkestinget vedtok at fylkeskommunen og Bømlo kommune skal skipa a
Som styremedlem frå fylkeskommunen har fylkestinget oppnemnt Oddvar J. Jensen (Krf) med Mette Holmefjord Olsen (SV) som varamedlem.
Etter det store jubileet «Kyrkja i Noreg 1000 år, Moster 995-1995», vart det skipa ei stifting for å ta vare på dei verdiane som var skapte i den samanhengen. Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune har vore med i stiftinga, og har hatt eit arbeid i gang med å omskipa stiftinga til eit aksjeselskap.
I fylkestinget sitt vedtak heiter det at etableringa av selskapet bør skje snarast etter at Rådet i stiftinga Moster Kyrkjehistoriske Senter har løyst opp stiftinga.
Hordaland fylkeskommune teiknar seg for sin del av aksjekapitalen på kr 100.000. Teikningssummen utgjer utanom aksjekapitalen også utgifter til stiftinga av selskapet og for innskot i form av utstyr og eigedom.

Stanley Hauge