Fylkestinget ber helseføretaka ha opne møte og dokument

Fylkestinget i Hordaland vil oppmoda dei nye helseføretaka til å vera langt meir opne enn det er lagt opp til så langt. Dette må medføra at styremøta i føretaka må kunngjerast og haldast for opne dører, og at sakspapira til møta er offentlege før møta. Pr

Det var Harald Hove (V) som tok opp saka, og sette fram forslag til fråsegn. Fråsegna vart samrøystes vedteken av fylkestinget.p> I fråsegna heiter det at det er viktig at helseføretaka fører vidare dei gode tradisjonane med innsyn og open handsaming av helsebudsjett og andre viktige helsesaker som fylkeskommunen så langt har ivareteke. Det er ikkje nok at vedtaka vert offentleggjorde. Innbyggjarar, pasientar og pårørande har krav på både god informasjon og høve til å påverka avgjerdene, meiner Hordaland fylkesting.

Også for pasientorgnisasjonane og det arbeidet dei skal utføra i eit moderne samfunn, er det viktig med open handsaming i helseføretaka. Den kunnskap, innsikt og erfring som desse organisasjonane rår ovr er ein ressurs som må takast på alvor og som vil kunna styrkja grunnlaget for dei avgjerder som vert gjort. Fylkestinget oppmodar Helse Vest om å leggja forholda til rette slik at pasientorganisasjonane får reell innsikt og høve til påverknad på dei helsepolitiske vedtaka som føretaket skal fatta.

Lokale og regionale folkevalde organ er også avhengig av openheit for å kunna ha reell påverknad i høve til helseføretaka, meiner Hordaland fylkesting. Fylkestinget oppmodar regjeringa om å fremja naudsynte lovendringar dersom helseføretaka ikkje etablerer ein forsvarleg praksis på dette området.

Stanley Hauge

12.12.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart