Fylkesbudsjett 2002: Meir til utdanning og samferdsel, kutt i administrasjon og lønsmidlar

Fylkestinget har vedteke å omprioritera 11,5 mill. kr på budsjettet for 2002 i høve til forslaget frå fylkesutvalet. Løyvinga til utdanning vert auka med 5 mill. kr til «tiltak for elevar som fell utanfor». Løyvinga til samferdsel vert auka med 5 mill. kr

Forslaget som vart vedteke, med 42 (Ap, Krf, SP, V, Pensj., uavh.) mot 25 røyster (H, Frp, RV og SV), var eit fellesforslag frå Ap, Krf, Sp og V. Dei uavhengige representantane røysta subsidiært for fellesforslaget.

Den vedtekne endringa inneber også at løyvinga til ANN (Alternativ til abort i Norge) vert auka med 50 000 kr til 132 000 kr. Like eins vert det løyvd 150 000 kr til Norges Husflidslag til stilling som husflidskonsulent og 300 000 kr til IT-prosjektet Eldreveven.
Dei vedtekne påplussingane vert dekka ved at det skal gjerast innsparingar for 6 mill. kr i fylkesadministrasjonen, lønsavsetjingane vert reduserte med 4,5 mill. kr og tilleggsløyvingskontoen til fylkesutvalet vert redusert med 1 mill. kr.

Fylkesbudsjettet for 2002 får etter fylkestinget sitt vedtak samla sett nullvekst i høve til driftsnivået i år.
Ein del budsjettpostar er styrkte for å få eit mest mogleg reelt budsjett i høve til den faktiske aktiviteten og kostnadene. Det gjeld m.a. barnevernet som er styrkt med 75 mill. kr i høve til årets budsjett. I samband med at fylkeskommunen må dekka det oppsamla underskotet for helsetenestene som staten skal overta frå nyttår, vert storparten av underskota i perioden 1999-2001 dekka med langsikte lån over 15 år. For 2002 vil dette føra til at fylkeskommunen må nytta 70 mill. kr renter og avdrag på denne lånegjelda.

Krev sletting av helsegjeld
Fylkestinget vedtok samrøystes følgjande fråsegn til storting og regjering:
«Hordaland fylkesting vil retta ei ny sterk oppmoding til storting og regjering om at det vert funne fram til ei ordning med sletting av fylkeskommunane sin gjeld relatert til spesialisthelsetenesta.
Fylkestinget vil også peika på at Hordaland fylkeskommune kom i særklasse dårlegast ut av det oppgjeret som fann stad tidlegare. Også dei andre fylka i Helseregion vest kom relativt dårleg ut av dette oppgjeret.
Hordaland fylkesting ber om at det vert gjort prinsippvedtak om at alle helserelatert gjeld skal dekkast fullt ut - og at dette vert gjennomført i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett.»

Fylkesbudsjett på knapt 3,5 milliardar kroner
Fylkesbudsjettet for 2002 er vedteke med 3 097 mill. kr til drift, 170 mill. kr til renter og avdrag på lån og 187 mill. kr til investeringar. Samla er budsjettet dermed på 3.454 millionar kroner. For i år er budsjettet på 7 317 mill. kr til drift, 486 mill. kr til renter og avdrag og 417 mill. kr til investeringar, i alt 8 230 mill. kr. Den store reduksjonen (ca. 58 %) heng saman med at spesialisthelsetenesta vert overført til staten frå 1.1. 2002.

Andre budsjettforslag
Høgre, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raud Valallianse, Pensjonistpartiet og Sigrun Sangolt Natås (uavh.) fremja eigne forslag til fylkesbudsjett 2001. Desse forslaga fekk i hovudsak dei respektive partia sine røyster.

Høgre
Tom-Christer Nilsen (H) føreslo endingar i driftsbudsjettet på ca. 25 mill. kr. Høgre vil auka løyvinga til utdanning med 7 mill. kr, til samferdsel med 2 mill. kr og kutta 5,5 mill. kr i budsjetta til sentrale organ og fellesfunksjonar, kutta 2,8 mill. kr i løyvinga til kultur og kutta løyvinga på 1,0 mill. kr rekrutteringstiltak for tannlegar. Innan dei einskilde budsjettkapitla føreslo Høgre ei rekkje omdisponeringar.

Innan utdanning vil Høgre plussa på 4 mill. kr til auka lærartimetal ved dei vidaregåande skulane og nytta 1 mill. kr meir til særskild undervisning. Til drifta av dei vidaregåande skulane føreslo Høgre påplussing på 1,5 mill. kr og nytta 1 mill. kr meir til undervisningsutstyr. Som ny post føreslo Høgre 500 000 kr til prosjekt mot rusmiddelsal i skulegarden. Løyvinga til Etne vidaregåande skule vil Høgre kutta med 1 mill. kr.

Innan samferdsel vil Høgre nytta 2 mill. kr meir til vinterdrift av fylkesvege, 1 mill. kr meir til transportordning for tunge brukarar og 1 mill. kr til servicelinjer. Høgre vil nytta 11,5 mill. kr til belønningssystem for rutelag som aukar passasjertalet. Motposten her er at partiet også budsjetterer med 10 mill kr i inndraging av midlar grunna brot på kvalitetskontraktar, og spara 4 mill. kr ved frivillig samordning av skuleskyss og ungdomskort.
Høgre føreslår å spara 2,5 mill. kr ved vakansar i administrasjonen og tilsvarande sum ved effektivisering av innkjøp. Like eins vil Høgre spara 1,6 mill. kr ved konkurranseutsetjing av oppgåver under regional utvikling. 1,3 mill. kr kan sparast ved mindre utgifter til renter og avdrag i samband med auka eigenfinansiering. Til Valen og Handeland gard vil Høgre ta bort tilskot på 250 000 kr.

Innan kultur føreslår Høgre å leggja ned bokbåten, kutta 1,8 mill. kr i løyvinga til Kulturlandskapssenteret og ei rekkje andre postar med i alt ca. 900 000 kr. Løyvinga til biblioteket føreslår Høgre auka med 700 000 kr til IT/nye medium.
Høgre føreslår å selja ei rekkje fylkeskommunale eigedomar som Valen vaskeri, Valen kraftverk og utleigebustader ved Haukeland sykehus, og budsjetterer med 70 mill. kr i inntekter frå dette. Partiet vil i 2002 nytta 20 mill. kr meir til ekstraordinært vedlikehald og opprusting av skular (nemner serskilt Tanks videregående skole) og 10 mill. kr meir til opprusting av fylkesvegane.
Høgre sitt forslag fekk tretten røyster (H) og fall.

Uavhengige
Sigrun Sangolt Natås (uavh.) fremja forslag til endringar på vel 90 mill. kr (3 %) i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Ho foreslo m.a. at Hordaland skal melda seg ut av Kommunenes sentralforbund og selja ei rekkje fylkeskommunale eigedomar. Pensjonsteneste føreslo ho å konkurranseutsetja. Løyvinga til politisk verksemd vil ho redusera med vel 2 mill. kr, eller ca. 10 %. Ho vil ha ein gjennomgang av administrasjonen for kultur, regional utvikling og opplæring med mål å effektivisera og redusera byråkratiet i etatane. Innkjøpseffektivisering vil ho også ha gjennomført.
Sangolt Natås vil auka løyvinga til barnevern og rusvern med i 8 mill. kr til vkar av desse arbeidsfelta. Innan kultur vil ho kutta i ei rekkje postar, m.a. leggja ned bokbåten, kutta løyving til Lyngheisenteret og Nye Carte Blanche og ei rekkje andre institusjonar. Kulturkutta vert etter forslaget på i alt ca. 17 mill. kr. Forslaget omfatta også kutt i næringstilskot og omprioriteringar innan opplæring.
Forslaget fekk seks røyster (uavh) og fall.

Eit forslag frå Fredrik U. Litleskare (uavh.) om å løyva 2 mill. kr meir til SNU-prosjektet i Sunnhordland, fekk 11 røyster (Frp og uavh.) og fall.

SV sitt forslag
Bjørn Lothe (SV) fremja forslag om påplussingar på i alt ca. 58,5 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. SV vil auka løyvinga til opplæring med 28 mill. kr, plussa på 1 mill. kr til miljøtiltak, auka samferdselsbudsjettet med 20,4 mill. kr, til kultur med 3,1 mill. kr og til helse med 4,6 mill. kr.
Forslaget til SV legg m.a. opp til takstfrys for reiser med buss og båt. Som nytt tiltak innan kultur føreslår SV innføring av kulturkort.

For å dekka dei auka kostnadene vil SV auka skatteinntektene med 14,6 mill. kr, bruka 35 mill. kr frå Hardangerbrufondet og kutta vel 7 mill. kr i diverse utgifter. M.a. vil SV kutta løyving til Hordaland olje og gassenter, kutta løyving på 1,6 mill. kr i tilskot til Danielsen skole, kutta 1,9 mill. kr i løyvinga til næringsføremål, kutta 2,7 mill. kr i løyvinga til politisk verksemd og 2 mill. kr i fylkesadministrasjonen i samband med statleg overtaking av spesialisthelsetenesta.
Forslaget fekk 7 røyster (SV, RV) og fall. På eit par punkt fekk SV sitt forslag 12 røyster (SV, RV og Frp).

Fremskrittspartiet
Jan Koløy (Frp) føreslo endringar på ca. 46 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Frp vil auka løyvinga til barnevern med 7 mill. kr og til rusvern med 7 mill. kr. Vedlikehaldet av fylkesvegar vert føreslegne auka med 10 mill. kr og løyvinga til trafikksikringstiltak vert auka med 5 mill. kr. Innan opplæring vil Frp. auka løyvinga til yrkesretta opplæring, styrkja norskopplæringa for framandspråklege, styrkja spesialundervisninga og vaksenopplæringa med i alt 8 mill. kr. Samstundes føreslo Frp å kutta elevinspektørstillingane frå hausten 2002 og redusera skuleadministrasjonane med 6,5 mill. kr. Det sistnemnde meiner Frp kan skje ved reduksjon i fylkesadministrasjonen og samanslåing av administrasjonen på fleire skular. Frp vil også leggja ned Manger folkehøgskule.
Frp vil kutta kulturbudsjettet med 14 mill. kr og næringsføremål med 3 mill. kr. Vidare vil Frp redusera budsjettet til fylkesadministrasjonen med 14 mill. kr.
Forslaget fekk 5 røyster (Frp) og fall.

Pensjonistpartiet
Jørgen Øydvin, Pensjonistpartiet, føreslo å styrkja driftsbudsjettet med 27,8 mill. kr. Pensjonistpartiet vil m.a. nytta 3 mill. kr til betre tannhelsetilbod til eldre, 5 mill. kr meir til transportordninga for funksjonshemma og eldre. Til førebyggjande tiltak mot rus mellom unge vil partiet nytta 2 mill. kr. Kulturbudsjettet vil Pensjonistpartiet auka med 5,5 mill. kr, budsjettet til opplæring med 2,6 mill. kr og samferdselsbudsjettet med 9 mill. kr.
Dei auka løyvingane vil Pensjonistpartiet dekka med 7,3 mill. kr i auka skatteinntekter, effektivisera ordninga med skuleskyss og ungdomskort med 4 mill. kr, effektivisera innkjøp for 4 mill. kr, kutta elevinspektørstillingar for 5 mill. kr og spara 6 mill. kr i skuleadministrasjonen sentralt.
Forslaget fekk 1 røyst (Pensj).

Raud Valallianse
Raud Valallianse føreslo påplussingar på 250 mill. kr på driftsbudsjettet. RV ville m.a. auka løyvinga til kollektivtrafikk med 100 mill. kr og vedlikehaldet av fylkesvegar med 34 mill. kr. Løyvinga til utdanning vil RV auka med 73 mill. kr, helsebudsjettet med 30 mill. kr og kulturbudsjettet med 7 mill. kr.
Til dekking av dei auka utgiftene ville RV bruka 75 mill. kr av Hardangerbrufondet, og kutta i løyvinga til fylkesting og politiske parti med ca. 10 mill. kr.
Forslaget fekk to røyster (RV) og fall.

RV hadde også ei rekkje verbalforslag, og desse fekk sju røyster (RV, SV).

Stanley Hauge

13.12.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart