Om lag 10 200 tilsette i Hordaland fylkeskommune skiftar arbeidsgjevar frå 1.1. 2002. Når staten overtek spesialisthelsetenesta frå årsskiftet, vert dei nye helseføretaka arbeidsgjevar for desse personane. I alt representerer desse arbeidstakarane 7650 å
Haukeland sykehus (biletet) står åleine for over 70 prosent av stillingane. Det store fleirtalet vert då også overført til Helse Bergen HF (6721 årsverk). 856 årsverk går til Helse Fonna HF og 75 årsverk til Apoteka vest HF.
Overføringa til helseføretaka omfattar også ca. 185 avtalar (ca. 135 årsverk) med legespesialistar, psykiatrar og psykologar.
Talet på årsverk i helsetenesta i fylkeskommunen har auka frå 7501 i fjor til 7653 i 2001, ein auke på over 2,0 %.
I heile den fylkeskommunale verksemda var det pr. 10.12. 2001 registrert 11 561 årsverk fordelt på 14 927 personar. Det var 12 132 fast tilsette og 2 795 vikarar og mellombels tilsette.
Frå årsskiftet vil Hordaland fylkeskommune ha ca. 3 900 årsverk fordelt på ca. 4 700 tilsette. Av dei er ca. 3 400 i skuleverket (2 858 årsverk), 401 i tannhelsetenesta, 447 i barne- og familievernet, ca. 260 i fylkesadministrasjonen og ca. 90 i andre deler av verksemda.
Sjå oversikt over tilsette i Hordaland fylkeskommune som skal over til helseføretaka pr. 1. januar 2002
Sjå oversikt over kor mange tilsette det blir igjen i Hordaland fylkeskommune pr. 1. januar 2002

Stanley Hauge