Vil ha Vidda vinteropen

Fylkesutvalet i Hordaland er samd i Vegdirektoratet si tilråding i spørsmålet om framtidig vinterdrift på Rv 7 over Hardangervidda. Med grunnlag i tidlegare fylkespolitisk handsaming av spørsmålet om framtidig vinterdrift på Rv 7 over Hardangervidda, og v

Behov for tunnelar
Fylkesutvalet legg vidare til grunn at Stortinget fattar vedtak om framleis vinteropen Rv 7 over Hardangervidda.
Fylkesutvalet viser også til fylkestinget si handsaming av saka om handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2002-2011 i juni i år. Då vedtok fylkestinget å setja i gang planarbeid for å avklare behovet for tunnelar på Rv 7 over Hardangervidda som eit eventuelt avbøtande tiltak med omsyn til villreinen sine levekår, men også som eit viktig tiltak for å sikre ein betre vinterregularitet på høgfjellstrekninga.

Redd for ferjesambandet
Fylkesutalvalet viser også til at for turistnæringa og det lokale næringslivet i Hardanger og Hallingdal vil kostnadene med vinterstengd veg over Hardangervidda vera særs store. Like eins er ein redd for konsekvensane for ferjesambandet Bruravik – Brimnes ved ei eventuell stenging av Rv 7. (Denne setninga vart samrøystes vedteken etter forslag frå Bjørn Lothe (SV).)
Heile vedtaket i fylkesutvalet var samrøystes, etter at eit alternativt forslag frå Bjørn Lothe (SV) til punkt ein vart nedstemt mot ei røyst (SV).

Villreinstammen
Spørsmålet om framtidig vinterdrift skal endeleg avgjerast av Stortinget i samband med handsaminga av budsjettproposisjonen for 2002. Spørsmålet om framtidig vinterdrift på Rv7 over Hardangervidda har svært stor strategisk betydning for regional utvikling i indre deler av Hardanger og for aust-vest sambandet mellom Bergen og Oslo-området, heiter det i saksutgreiinga.
Vegdirektoratet har i si tilråding til Samferdselsdepartementet konkludert med at omsynet til eksisterande næringsverksemd og regional utvikling bør tilleggast størst vekt og går inn for framleis vinterdrift på Rv 7 over Hardangervidda. Dette under føresetnad av at villreinstammen sine levekår vert overvaka i åra som kjem.

Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet

Stanley Hauge

31.08.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart