
På biletet ser vi Mali Grete Aksnes (Sp) som er leiar i komiteen.
Fleirtalet på 14 (A, KrF, Sp, V, SV og Frp) går inn for auken, mens dei tre frå Høgre røysta imot. Komiteen ser med stor uro på at berre éi skuleutbygging, Fitjar vidaregåande skule, er realisert dei siste fem åra. Samstundes kjem det stor elevvekst i åra framover. Difor vil komiteen auke løyvingane og bruke vel ein milliard kroner til skuleutbygging fram til 2008.
Fire nye skular
Komiteen vil bygge fire nye skular i perioden:
I Sund (102 millionar), i Olsvikåsen (125 millionar), på Sørås (200 millionar) og i Åsane (180 millionar).
19 vidaregåande skular går komiteen inn for å bygge ut:
Stord vidaregåande skule (41 millionar), Lindås gymnas (11 millionar), Bergen handelsgymnasium (16 millionar), Odda vidaregåande skule (20 millionar),
Austrheim vidaregåande skule (39 millionar), Nordhordland vidaregåande skule (29 millionar), Kvinnherad vidaregåande skule (11 millionar),
Tanks (17 millionar), Sandsli videregående skole (14 millionar), Voss husflidskule (9 millionar), Øystese gymnas (7 millionar),
Fiskarfagskulen (14 millionar), Slåtthaug videregående skole (38 millionar), Stend jordbruksskule (32 millionar), Fyllingsdalen videregående skole (15 millionar),
Bergen yrkesskole (10 millionar), Åsane gymnas (4 millionar), Laksevåg videregående skole (10 millionar) og Krohnsminde videregående skole (5 millionar).
Vil auke driftsbudsjettet
Også driftsbudsjettet til skulane vil komiteen auke og viser spesielt til kompetansereforma, vaksenopplæring og spesialundervising. Komiteen peikar på at budsjettforslaga til skulane viser trong for auka innsats til utstyr, vedlikehald og driftspersonale.
Innstillinga frå komiteen går vidare til fylkesutvalet. Fylkestinget skal gjere endeleg vedtak.
Les heile pressemeldinga frå komiteen
Bjarte Brask Eriksen