Prisane på blokkbustader tredobla sidan 1992

Både i Bergen og på landsbasis var kvadratmeterprisen for blokkbustader hausten 2000 meir enn tredobla i høve til botnnivået i 1992. Ein blokkbustad i Bergen på 100 kvadratmeter bruksareal med gjennomsnittleg kvadratmeter-pris ville hausten 1992 ha vore o

Bustadprisane i Hordaland, uttrykt som gjennomsnittspris per kvadratmeter for alle bustader, er klart høgast i Bergen. Elles i fylket er prisane høgast i dei kommunane som har hatt størst folkevekst dei siste åra: Fjell og Meland. Dei andre kommunane i Bergensregionen mot vest, nord og sør har middels kvadratmeter-prisar, medan kommunane rett aust for Bergen har låge prisar i fylkesmålestokk.

Einebustader
Dersom ein ser berre på kvadratmeterprisen for einebustader er mønsteret det same, men avstanden frå dyraste kommune (Bergen) til nest dyraste kommune (Fjell) er mykje mindre. Prisnivået for einebustader er på om lag same nivået i Bergen og Fjell, det er prisane på ”småhus” og blokkbustader som gjer at det totalt sett er mykje dyrare å kjøpe bustad i Bergen.

Kvadratmeterprisane er klart høgast for blokkbustader, men berre fire-seks kommunar har stor nok nok omsetning av blokkhusvære til at det vert registrert gjennomsnittprisar i statistikken.

Hausten 2000 var gjennomsnittleg kvadratmeterpris for blokkbustader i Hordaland vel 14 000 kroner, for einebustader om lag 7 700 og "småhus" om lag 8 300 kroner. Blokkbustader omsettast for det meste i Bergen, "småhus" også i andre av dei større kommunane i fylket.

Ein blokkbustad i Odda kostar i gjennomsnitt mindre enn halvparten av eit like stort husvære i Bergen.

Verre i Oslo
Kvadratmeterprisen for blokkbustader låg hausten 2000 på same nivå i Bergen, Trondheim og Stavanger. Det gjorde den også i byrjinga av 1993, og då var blokkbustadprisane i Oslo også på det same låge nivået. I Oslo har prisen på blokkbustader vorte meir enn firedobla sidan botnen i 1993 og låg hausten 2000 på over 20 000 kroner i gjennomsnitt.

Lenkje til illustrasjon som viser prisutviklinga for tre bustadtypar i Bergen 1991-2000.

Kjelde: SSB.

Meir informasjon på bustadstatistikk-sidene på internett: http://www.hordaland-f.kommune.no/ru/bustad/

Ronny Strand

20.08.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart