For å stimulere til auka kreativitet og nyskaping, har Hordaland fylkeskommune oppretta ein årleg oppfinnarpris. Prisen skal i år delast ut for niande gong, i samband med Fylkestinget i Bergen 11. - 13. desember. Prisen er på 30.000 kroner.

På biletet ser vi Torbjørn Aasen, Nesttun, som fekk oppfinnarprisen i fjor for ein reingjeringsrobot, som er enkel og billeg å produsere og som reduserer behovet for manuell fjerning av støv.
Kreative personar i Hordaland blir hermed oppfordra til å sende inn idear for vurdering for Oppfinnarprisen 2001. Ideane skal vere gjennomførbare, funksjonelle, ha nyhendeverdi og marknadspotensiale. Ideane vert også vurdert i høve til satsingsområde i Strategisk Næringsplan for Hordaland og sjansane for produksjon i Hordaland. Hordaland fylkeskommune har ikkje ansvar for patent-/mønstervern, men vil sikre ideane konfidensiell handsaming.
Auke tilfanget av idear
Målet med prisen er å auke tilfanget av idear for næringslivet i Hordaland. I tillegg til prisen, vil Hordaland fylkeskommune difor tilby fleire idear oppfølgjing fram mot ferdig produkt. Dette vil mellom anna skje gjennom samarbeid med Høgskulen i Bergen og Statens veiledningskontor for oppfinnere.
Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til:
HORDALAND FYLKESKOMMUNE
Avdeling for Regional Utvikling
Næringsseksjonen
Agnes Mowincels gt. 5,
5020 Bergen
Tlf. 55 23 93 06
eller internettsida:
http://naringsseksjonen.hordaland-f.kommune.no/Oppfinnarpris2001.htm
Frist for innsending av forslag: 2. oktober 2001
Hilde Fagerheim