Vegdirektoratet la i prognosane frå 1999 til grunn at Nordhordlandsbrua ville bli nedbetalt i 2005. Men fylkesrådmannen ser ikkje bort frå at innkrevjinga av bompengar først vil ta slutt i første kvartal 2006. Det var i 2000 at auken i trafikken berre var 1,9 prosent i høve til året før. Dei andre åra har auken vore på mellom 4,1 og 6,2 prosent.
I år har trafikken teke seg opp att. I juli månad passerte 296.290 køyretøy over Nordhordlandsbrua. Dette utgjer 9.558 køyretøy pr. døger og er ein auke på 3,7 prosent høve til juli månad i fjor. Dei første sju månadene i år er trafikkauken 4,1 prosent i høve til same periode i fjor.
Avslutningstidspunktet er avhengig av auken i inntekter og også i nokon grad av renteutviklinga.
Momsreforma frå 1. juli i år medfører at ein del av bompengane må nyttast til å betale moms på kjøpte tenester frå innkrevjingsselskapet, det vil seie på den godtgjersla BNR får for å krevje inn bompengar. Dette vil utgjere vel ein million kroner i året og vil forlengje innkrevjingsperioden med vel 2 veker.
Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:
År Trafikk Prosentendring Snitt pr. døgn
1994 583 171 6 012
1995 2 376 183 6 510
1996 2 473 134 4,1 6 757
1997 2 589 226 4,7 7 094
1998 2 750 189 6,2 7 535
1999 2 892 558 5,2 7 925
2000 2.947 108 1,9 8 052
2001 1.762 579 4,1 8 314
Lånegjeld
Restgjelda på Nordhordlandsbrua kan spesifiserast slik:
5,32 % obligasjonslån forfall 30. juni 2003 350 mill kroner
7,15 % Kommunalbanken forfall 12. desember 2001 150 mill kr
Sum 500 mill kr
Spesifikasjonen viser lånegjelda pr i dag. Ved forfall vert låna nedbetalte i den grad ein får inn bompengar til dette. Låna vil verta delvis fornya inntil restgjelda er nedbetalt.
Bjarte Brask Eriksen