Gassfyllestasjon opna på Straume

Olje- og energiminister Olav Akselsen opna tysdag 21. august den nye fyllestasjonen for naturgass på HSD Buss sin terminal på Straume. Dette er den andre gassfyllestasjonen i Hordaland. I alt har HSD Buss og Gaia Trafikk no 43 bussar som går på gass. Over

Gassbussprosjektet starta i 1995 og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Gaia Trafikk AS, HSD Buss AS og Naturgass Vest AS. Fordelen med naturgass er mindre ureining og mindre støy.

Den første
I fjor opna den første gassfyllestasjonen for 53 bussar i Åsane. Stasjonen på Straume har kapasitet til 27 gassbussar. Det offentlege har bidrege med 64,3 millionar kroner til gassbussprosjektet, av dette staten med 10,5 millionar, Hordaland fylkeskommune med 29 millionar og Bergen kommune med 24,8 millionar kroner.

13 millionar
Det har kosta 13 millionar kroner å byggje gassfyllestasjonen på Straume. Den er samansett av to bygningar med kompressorar, ein bygning for elektriske installasjonar, ei gasstralle for transport av gass, ein gassbank med høgtrykkgass og 27 fyllestendarar for gassbussar.

Naturgassen kjem frå Trollfeltet i Nordsjøen. Den går via røyr til Kollsnes i Øygarden. Her har Naturgass Vest bygd ein kompressorstasjon. Den komprimerte gassen blir frakta med vogntog til fyllestasjonen. Det er planlagt å bygge røyrleidning for frakt av naturgass til anlegget på Straume og til anlegget i Grønneviken i Bergen.

Meir informasjon om gassbussprosjektet

Talen til fylkesordførar Gisle Handeland under opninga av fyllestasjonen for naturgass på Straume

Bjarte Brask Eriksen

21.08.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart