Etter endringane i kulturminnelova kan ståande bygningar som er frå perioden 1537-1649 erklærast automatisk freda. I samband med endringa vil fylkeskonservatoren, Kulturseksjonen ved Avdeling for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, vitja eigarar
Byggverk med opphav frå denne perioden har etterkvart blitt sjeldnare, og mange har vorte endra radikalt eller rivne. Kunnskap om denne perioden i norsk historie er avgrensa, og dei skriftlege kjeldene er få og vanskeleg tilgjengelege. Difor kan desse bygningane vera viktige som kjeldemateriale eller kasta nytt lys over den kunnskapen vi allereie har.
I kartleggingsarbeidet tek fylkeskonservatoren gjerne imot tips frå publikum i høve til bygningar som kan vera frå denne perioden.
Kontaktpersonar ved kulturseksjonen er Per Jahn Lavik og Stein Ottosen eller tlf.: 55 23 91 85.