Profilbilde

Nyhende

Nyhende

  • Fylkestinget vil ha meir midlar til rassikring

    Dei mange rasa som har gått på Vestlandet dei siste dagane understrekar behovet for auka satsing på rassikring, påpeikar Hordaland fylkesting i ei fråsegn til samferdselsministeren. Staten må minst auka løyvinga med 150 mill. kr i 2011 til 1 milliard kroner, meiner fylkestinget.

    11.03.2010
    Les heile saka
  • Vil forhanda før tannklinikkar vert lagde ned

    Hordaland fylkeskommune sin tannhelseplan for 2010-13 legg opp til færre tannklinikkar. Men før eit tilbod vert lagt ned skal kvar enkelt klinikk vurderast som eiga sak, vedtok fylkestinget 9. mars.

    11.03.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • U-864 – kvikksølvet må bort frå havet no!

    Hordaland fylkesting er uroa over at regjeringa sår tvil om ei heving av ubåten ved Fedje og går attende på tidlegare lovnader. Fylkestinget krev at kvikksølvgifta vert fjerna raskt, og seinast i 2012.

    10.03.2010
    Les heile saka
  • Fordeling av sekkepostar i fylkesvegbudsjettet 2010-13

    * 26,2 mill. kr til opprusting av fylkesvegar i Tysnes kommune * 17 mill. kr til opprusting av Fv 567 Hosanger i Osterøy kommune * 15 mill. kr til gang- og sykkelveg langs Fv 57 Konglevoll i Lindås kommune

    09.03.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Behov for krafttak innan samferdsel

    Behov for krafttak innan samferdsel – Det heilt opplagt at det trengst ein kraftig auke i løyvingane til samferdsel i Hordaland, slik det er lagt til grunn i Nasjonal Transportplan (NTP). Eg reknar med at regjeringa vil stå ved den satsinga det er lagt opp til, også når dei til helga har startkonferansen om statsbudsjettet for 2011. Det sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i talen under opninga av Hordaland fylkesting i Bergen 9. mars.

    09.03.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Bilen for stor syndebukk for lokal ureining

    Bilen for stor syndebukk for lokal ureining – Den private biltrafikken blir etter meininga mi truleg i for stor grad gjort til syndebukk for vår lokale ureining, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen i talen til fylkestinget og kommenterte problemet med luftureining i Bergen og tiltaka som vart sett inn.

    09.03.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Ynskte Anna Elisa Tryti velkomen som fylkeskultursjef

    Ynskte Anna Elisa Tryti velkomen som fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti tok i dag, 8. mars 2010, til i stillinga som fylkeskultursjef i Hordaland. Eg går til jobben med stor forventing, sa ho, då ho vart ynskt velkomen av fylkesrådmannen.

    08.03.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Fylkesmusikarane på tokt med Mathilde frå 8. mars

    Fylkesmusikarane på tokt med Mathilde frå 8. mars FYHND, fylkesmusikarane i Hordaland, dreg på tokt hardangerjakta Mathilde. Programmet «Kystkvinna og folkemusikken» er nytt. Etter premiere i Norheimsund 8. mars går turen ut Hardangerfjorden og til Sunnhordland.

    03.03.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Dei gode døma – for betre digital skule

    Konferansen «Dei gode døma» – eit viktig tiltak i Hordaland fylkeskommune si satsing på den digitale skulen – vert arrangert på Clarion Hotel Flesland 8.-9. april 2010. Påmeldingsfristen er 12. mars.

    03.03.2010
    Tekst og foto: Tormod Valaker
    Les heile saka
  • Møteplass reiseliv - Hordaland 2010

    Møteplass reiseliv - Hordaland 2010 Velkomen til den årelege møteplassen for alle som er interesserte i utvikling av reiselivet i Hordaland! Påmeldingsfrist 12. mars (NY FRIST).

    26.02.2010
    Jon Erik Vollan
    Les heile saka
  • Hordaland leier arbeid for rein skipsfart

    Hordaland fylkesutval har løyvd 150 000 kr til arbeidet med å få godkjent prosjektet ”Clean North Sea Shipping” som ein del av EU sitt Nordsjøprogram (INTERREG 4B). Hordaland fylkeskommune har teke på seg å leia prosjektet.

    25.02.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Hordaland taper på den nasjonale landbrukspolitikken

    Hordaland sin del av tilskotsordningar innanfor jordbruket er fallande. Dette må rettast opp i dei komande jordbruksoppgjera, påpeikar Hordaland fylkesutval i fråsegna si til jordbruksforhandlingane 2010.

    25.02.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Sterkare folkevekst i Hordaland enn venta – med vekst i Hardanger

    Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at folkeveksten i Hordaland har vore sterkare enn venta, og spesielt gledeleg er det at Hardanger har hatt ein positiv folkevekst stikk i strid med prognosane. I dei fleste kommunane i Hordaland er innflyttinga frå utlandet ei viktigare årsak til vekst enn innanriks flytting og fødselsoverskot, mens den viktigaste årsaka til manglande vekst er utflytting til andre norske kommunar.

    22.02.2010
    Stian Skår Ludvigsen
    Les heile saka
  • Ja til Vaksdal, Ulvik må søkja på nytt

    Fristen for tilsegna om fylkeskommunalt tilskot til Dale fabrikkutsalsentrum vert lengd til 1. juni 2010, har Hordaland fylkesutval vedteke. Ulvik herad får nei på søknaden om å bruka tilskot til Gnist Hardanger til eit alternativt prosjekt.

    19.02.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Fylkestilskot på 400 000 kr til superligaen i friidrett

    Fylkesutvalet i Hordaland har løyvd 400 000 kr til Noregs Friidrettsforbund og Hordaland friidrettskrets til å arrangera European Team Championships Super League på Fana stadion 19.-20.juni 2010.

    18.02.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Askøy prioritert på topp for friluftsmidlar

    Askøy kommune sin søknad om midlar til å sikra areal til friluftsområde på Solnes, er prioritert på topp av Hordaland fylkesutval i utvalet si tilråding til Direktoratet for naturforvalting.

    18.02.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Trafikktryggleik først, så sambruksfelt på prøve

    Fylkesutvalet i Hordaland går ikkje inn for å prøva ut sambruksfelt på E39 nordre innfartsåre mellom Åsane senter og NHH før trafikktryggleiken er ivareteken, jamfør uttale frå politiet.

    18.02.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Storsatsing på miljøet i Hordaland fylkeskommune

    Storsatsing på miljøet i Hordaland fylkeskommune – I løpet av 2012 skal alle einingar i Hordaland fylkeskommune bli sertifisert som miljøfyrtårn, opplyser Per Svae, prosjektleiar for miljøfyrtårnsertifiseringa. 17. februar var han med på å arrangere den regionale miljøfyrtårndagen i Bergen.

    17.02.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Planrett – nytt studietilbod ved Universitetet i Bergen

    Opplæring og informasjon om ny plandel i Plan- og bygningsloven har vore i fokus gjennom heile 2009. No kjem eit tilbod om formell kompetansegjevande utdanning i planrett.

    17.02.2010
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • - NSB må halda lovnadane til Vestlandet

    - NSB må halda lovnadane til Vestlandet - For vel tre år sidan presenterte vi prosjektet Nye Vossebanen, og har i etterkant fått lovnadar om nye togsett og dobbeltspor Fløen-Arna. På bakgrunn av informasjon om at desse tiltaka kan stå i fare, har eg sendt brev til NSB-direktør for persontog, Stein Nilsen, med krav om at NSB må stå stå ved sine lovnadar, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

    16.02.2010
    Simon Sortland
    Les heile saka
  • Motsegn mot planane om bustadbygging ved Troldhaugen

    Motsegn mot planane om bustadbygging ved Troldhaugen Med ti mot tre røyster har kultur- og ressursutvalet i Hordaland vedteke å fremje motsegn mot reguleringsplanen for bustadområde ved Troldhaugen.

    15.02.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Trafikkmaskina på Danmarks plass må avviklast

    - Vi må finne løysingar for Danmarks plass som flaskehals for den regionale gjennomgangstrafikken, og ikkje minst ta tilbake og utvikle Danmarks plass som eit attraktivt byutviklingsområde, seier fylkesordførar Torill S. Nyborg.

    12.02.2010
    Simon Sortland
    Les heile saka
  • Vellukka møte med statsråd Giske om verftssituasjonen på Vestlandet

    Statsråd Trond Giske møtte Vestlandsrådet, ved dei fire fylkesordførane og representantar frå næringslivet, om tiltak for å møte situasjonen i verftsnæringa i Noreg og på Vestlandet.

    08.02.2010
    Vestlandsrådet
    Les heile saka
  • Vil du utsmykke det nye signalbygget i Bergen?

    Vil du utsmykke det nye signalbygget i Bergen? Det nye signalbygget i Bergen sentrum, Helleren, skal utsmykkast for ca. 4,5 millionar kroner. Kunstnarar vert inviterte til utsmykkinga av bygningen som skal innehalde Amalie Skram videregående skole og det nye nasjonale symjeanlegget.

    04.02.2010
    Les heile saka
  • Skal motivere kvinner i Sunnhordland til å starte eiga bedrift

    Sunnhordland er blitt med i den nasjonale storsatsinga Kvinnovasjon der målet er å få fleire kvinner til starte eiga bedrift. Satsinga skjer i samspel med Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Noreg.

    02.02.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Vil ha forhandlingar før tannklinikkar blir lagt ned

    Opplærings- og helseutvalet i Hordaland vil ha forhandlingar med berørte kommunar før ein tannklinikk eventuelt blir nedlagt. Dette for å sjå på høve for å finne ei felles løysing, der økonomi så vel som rekruttering av personale må bli vurdert. Ingen tannklinikk skal heller ikkje leggjast ned før den er handsama som eiga sak i utvalet.

    29.01.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Forsiktig optimisme i Hordaland

    Forsiktig optimisme i Hordaland Det er forsiktig optimisme i Hordaland etter at finanskrisa har byrja å sleppe taket. 40 prosent av bedriftene i fylket reknar med auka omsetnad i år og at sysselsetjinga kjem til å auke med 6.500 personar.

    21.01.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Styrkjer samarbeidet med Zambia

    Styrkjer samarbeidet med Zambia Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld har nett vore på vitjing i Zambia. Der fekk dei mellom anna sjå det omfattande arbeidet Sotra vidaregåande gjer i landet. Også opplæringsavdelinga er sterkt inne i biletet med hjelp og stønad til å utvikle lokalt entreprenørskap i eit prosjekt kalla ”School integrated entrepreneurship”.

    21.01.2010
    Tormod Valaker
    Les heile saka
  • Fylkesordføraren miljøsertifiserte Rådhuset i Bergen

    Fylkesordføraren miljøsertifiserte Rådhuset i Bergen – Skal du få skikk på oss no, sa byråd Lisbeth Iversen då fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg miljøsertifiserte Bergen rådhus. Under den offisielle seremonien overrekte fylkesordføraren miljøfyrtårnsertifikatet til byrådet for byutvikling, næring og klima.

    18.01.2010
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Bybanen i trafikken

    Bybanen i trafikken 20. januar startar testkøyringa med bybanevognene. Då er det nye tider for alle trafikantar langs trasèen.

    18.01.2010
    Kristin Myren
    Les heile saka
  • – We love you, Norway!

    – We love you, Norway! Tre profilerte bergensmusikarar var førre veke i Shanghai for å spela norsk musikk for kinesiske born. Dei disiplinerte elevane svarte med norsk song og vart så engasjerte at lærarane gav opp resten av dagens undervisning.

    17.11.2009
    Tekst og foto: Lars Opstad, Rikskonsertane
    Les heile saka
  • Oppmodar risikogrupper om å vaksinere seg

    Fylkeskommunalt tilsette vert oppmoda om å vaksinere seg mot A(H1N1) – svineinfluensa.

    21.10.2009
    Les heile saka
  • Helse, fly og veglys i fylkesutvalet

    Hordaland fylkesutval held møte torsdag 22. oktober kl. 11.00 i Fylkeshuset, møterom Hordaland, Agnes Mowinckels gate 5, Bergen. Helse, fly og veglys står i fokus på møtet. Fem saker står på sakskartet.

    16.10.2009
    Les heile saka
  • Nye oppgåver aukar fylkesbudsjettet med nesten tre milliardar i 2010

    Årsbudsjettet til Hordaland fylkeskommune aukar i 2010 med kring 1 milliard kroner til drifta og med 1,9 milliardar kroner til investeringar. Den rekordstore veksten heng saman med dei nye store oppgåvene fylkeskommunen får innan samferdsel frå nyttår og bruttobudsjettering av veginvesteringar og bussdrifta.

    09.10.2009
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Fylkesting 12.-13. oktober med Miljøprisutdeling

    Fylkestinget i Hordaland skal avgjera ei rekkje større skule- og samferdselssaker på møte i Bergen 12.-13. oktober. Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2008 vert også delt ut.

    07.10.2009
    Simon Sortland
    Les heile saka
  • Kommuneplankonferansen 2009: Frå kjelde til kyst

    Kommuneplankonferansen 2009: Frå kjelde til kyst Vassressursar i kommunal planlegging er tema for årets kommuneplankonferanse som finn stad på Bergen Kongress Senter 27. og 28. oktober. Vatnet er både ein ressurs og ein risikofaktor. Korleis kan vi gjennom planlegging leggja til rette for ei berekraftig vassforvaltning? Programmet femner vidt og tar for seg havbruk, vasskraft, kulturminne og naturverdiar mm.

    25.09.2009
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • Invitasjon til konferanse om norske kommunar og EØS

    Invitasjon til konferanse om norske kommunar og EØS Torsdag 15. oktober arrangerar Hordaland fylkeskommune, saman med KS og Vest-Noregs Brusselkontor ein konferanse om kommunane sitt handlingsrom innanfor EØS. Dette er vestlandet sitt bidrag til den europeiske møteserien ”Europa i min region”. Målsetjinga et å gjere politikarar og tilsette i (fylkes) kommunane meir medvitne om kva for handlingsrom de har innan rammene av EØS-avtalen.

    24.09.2009
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Etablerer vestnorsk tyngdepunkt for maritime næringar

    Etablerer vestnorsk tyngdepunkt for maritime næringar Fleire av dei tyngste maritime og marine miljøa i landet har sitt opphav på Vestlandet. For å koma i inngripen med EU sin politikk på desse viktige områda har Vestlandsrådet teke initiativ til etablering av eit felles strategisk maritimt samarbeid i regionen.

    18.09.2009
    Les heile saka
  • 75.000 kroner til smart kvinne eller mann

    75.000 kroner til smart kvinne eller mann Smarte kvinner og menn i Hordaland kan igjen konkurrere om beste oppfinning. 75.000 kroner er premie til vinnaren av Oppfinnarprisen 2009. Til no er det berre menn som har gått til topps. Kvinner blir sterkt oppmoda om å melde seg.

    17.09.2009
    Les heile saka
  • Visningssenter for akvakultur

    Visningssenter for akvakultur Fylkesordføraren opna onsdag visningssenter for akvakultur ved Kystmuseet i Øygarden

    17.09.2009
    Inge Døskeland
    Les heile saka
  • Også fylkesordføraren etterspør Giske si pilegrimssatsing i Hordaland

    Etter at statsråd Trond Giske la fram ny versjon av den nasjonale pilegrimssatsinga, har mange uttrykt undring over at Røldal ikkje lenger var nemnd. Mellom anna har leiar for prosjektgruppa for pilegrimssenteret i Røldal, pensjonert biskop Ole D. Hagesæther sagt i frå.

    11.08.2009
    Les heile saka
  • Kvinnherad først i Sunnhordland!

    Kvinnherad er den første kommunen i Sunnhordland som signerer samarbeidsavtale for styrkja lokal næringsutvikling med Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen og Innovasjon Noreg.

    17.07.2009
    Les heile saka
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart